Vi treng fire nye år med Erna ved roret
Dette er eit opprop frå ordførarane i Møre og Romsdal Romsdal tilhøyrande regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og samarbeidspartia Venstre og Kristelig Folkeparti. Desse partia står bak dagens borgarlegefleirtal på Stortinget.
Nedanfor ser du nokre saker vi har fått til i samarbeidet i denne perioden, dette er noko av grunnen til at vi går for 4 nye år med ei borgarleg regjering og Erna som vår statsminister. I siste delen av oppropet vil ordførarane peike på dei sakene som er viktige i kvardagen i våre heimkommunar.
Erna Solberg har på ein trygg, samlande og tillitvekkande måte styrt landet gjennom ein krevande periode, og vi håper du gir di støtte til eit av desse 4 partia og til Erna som statsminister.
- Dei siste fire åra har kommunane opplevd å ha god økonomi, det betyr auka handlingsrom og betre kvardagstenester.
- Regjeringa har takla dei særlege utfordringane knytt til oljeprisfallet på ein god måte, arbeidsløysa er no på veg nedover.
- Vi har fått eit kraftig løft for samferdsle og mange viktige samband i fylket vårt er no sikra finansiering, samtidig er vedlikehaldet styrka – det er meir nylagt asfalt enn på mange år.
- Vi har ei regjering som lyttar til næringslivet og legg til rette for skaping av nye arbeidsplassar.
- Helsekøene er redusert og innsatsen innan rusomsorg og psykiatri er styrka. Pakkeforløp for kreftpasientar betyr trygg og rask behandling.
- Lærarane har fått ei kraftig auke i etterutdanningstilbodet og det vert stilt klare krav til elevane. Fråfall i vidaregåande skule er no redusert.
Dette er viktig for dei enkelte ordførarane rundt i Møre og Romsdal:
Ordførar – Kommune | Dette er vi glade for å ha levert | Difor treng vi fire nye år |
Anders Riise – Hareid | Ferjeavløysingsmidlar | Sikre framdrift på Hafast |
Camilla Storøy(konst)- Herøy | Auke i eingongstønaden. Reduksjon i formuesskatt på arbeidende kapital | Styrke familien sin valgfridom |
Dag Olav Tennfjord – Skodje | God kommuneøkonomi og auka veksttilskot har vore viktig. Støtte til bygging av omsorgsbustader har sikra oppbygging av kapasitet i Skodje | Vi må sikre framdrift på Møreaksen, langs trasèen K2. Sikre lokalt sjølv-styre i plansaker. Gode rammevilkår for nye og eksisterande bedrifter. |
Dag Vaagen – Sande | NTP med Gjerdsvika hamn og Stad skipstunnel. Ferjeavløysingsordning. Reduserte helsekøer | Halde oppe trykket i samferdselssatsinga. Gode rammevilkår for næringslivet. |
Egil Strand – Eide | Stabile og forutsigbare rammer som har bidratt til trygghet for arbeidsplassene og økte tilbud gjennom tjenestene som leveres. | Fortsatt satsing på samferdsel og stabile rammer for små og mellomstore bedrifter som sikrer arbeidsplassene. |