Politikk

Ulstein Høgre trur på lokalt sjølvstyre. Eit godt og levande lokalsamfunn vert bygt nedanfrå av menneske som er glade i lokalsamfunnet sitt. Vår demokratiske styring og prioritering må ta omsyn til ein felles bu- og arbeidsregion i stadig endring. Konjunkturavhengig og konkurranseutsett næringsliv påverkar krav til mobilitet og relevant kompetanse hjå innbyggjarane. Desse forventar like høg kvalitet og omfang på offentlege tenester uavhengig av kva krins, bygd eller bygdeby ein er busett i.

Våre hjertesaker

Ulstein som «ja-kommune»

Vårt mål er å framstå som ein kommune som raskt og effektivt behandlar innbyggarane og
næringslivet sine søknader, og som imøtekjem innbyggjarane sine behov så langt som
mogleg

Skule, Kultur og Idrett

Det beste vi kan gi borna våre er ei god opplæring. Ein god skule skaper moglegheiter for
alle

Helse og Omsorg - kvalitet i omsorgen

Vi ønsker kvalitet i omsorga og gode velferdstenester. Alle som treng velferdstenester,
både unge og eldre, skal behandlast med omsorg, respekt og verdigheit

Næringskommunen Ulstein

Eit skapande næringsliv er ein føresetnad for livskraftige lokalsamfunn. Solide bedrifter
skaper trygge arbeidsplassar og legg grunnlaget for vekst og utvikling av Ulstein
samfunnet

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med. 

Vårt mål er å framstå som ein kommune som raskt og effektivt behandlar innbyggarane og næringslivet sine søknader, og som imøtekjem innbyggjarane sine behov så langt som mogleg. Kommunen skal ha stort fokus på service og levere tenester på ein profesjonell og effektiv måte. Kommunen skal ha stor grad av openheit og sikre den einskilde sin rettstryggleik. 
Ulstein Høgre vil arbeide for:
OPS (Offentleg og privat samarbeid) Samarbeid med private der dette gir innbyggjarane betre tilbod
Innovasjon og utvikling, endringsvilje og utprøving 
Betre tilgjenge til kommunen ved enda meir elektronisk kommunikasjon med innbyggjarane
Tilbod om kurs og bistand for bruk av digitale tenester
At all kontakt mellom innbyggjarane, næringslivet og kommunen skal kunne skje digitalt med auka grad av sjølvbetjeningsløysningar og automatisering
God styring av økonomien i kommunen
Sterkare styring av kommunale utbyggingsprosjekt
Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for å nå felles mål
 
Skule
Det beste vi kan gi borna våre er ei god opplæring. Ein god skule skaper moglegheiter for alle. Skulen må ha store ambisjonar om å gi kvar einskild elev noko å strekke seg etter. Vi treng framleis å satse på enda betre resultat for elevane våre. Vi ynskjer å ha ein av dei beste skulane i landet.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Utbygging og fornying av Ulsteinvik Barneskule
Oppretthalde dagens skulestruktur med trygge skulevegar
Opne moglegheitene for leksefri skuleordning for dei skulane som ynskjer det
Alternative undervisningsformer og tilrettelagt opplæring
Tettare samarbeid med næringslivet for å styrke elevane si interesse for eit variert yrkesliv
Tidleg innsats og kontinuerleg fokus mot mobbing i skulen.
Rusførebyggjande tiltak gjennom samarbeid med skulen 
Oppretthalde god og aktiv helsesjukepleiar i skulane
Ulstein som MOT-kommune
Kompetanseløft for lærarane
Aktivt eigarskap, oppretthalde eit forsvarleg rammetimetal
Sjå på kostnaden til SFO med mål om å redusere foreldrebetaling og betre tilbodet
Støtte ei prøveordning med eit sunt skulemåltid for skular som ynskjer det
Legge til rette for at skilnadane ikkje blir unødvendig store blant innbyggjarane ved at alle born får eit variert og godt fritidstilbod og ein plass å høyre til

Kultur og idrett
Ulstein kommune har eit omfattande tilbod innan kultur og idrett, men her er potensiale for forbetring. 
Ulstein Høgre vil arbeide for:
Likebehandling og rimelege vilkår for leige av kommunale bygg og anlegg for frivillige lag og organisasjonar
Auka brukstilgang til kommunale bygg for frivillige lag og organisasjonar 
Flytte eksisterande skatepark frå Vikholmen til område nær Ulstein Arena og skuleområdet
Oppretthalde eit godt kulturskuletilbod for alle aldersgrupper
Breiare kultur- og konserttilbod for alle aldersgrupper
Legge til rette for breiddeidrett på fleire nivå
Breiare samarbeid på tvers av kommunegrensene
Inkludere Ungdomsrådet slik at dei opplever å bli «høyrt» i større grad enn i dag
Betre tilrettelegging for turnaktivitetar
Stimulere arbeidet ved ungdomsklubben Bell og samarbeid med Ung Arena
Fornying av Bjørndals Minne slik at det kan nyttast til kultur-, barne- og ungdomsaktivitetar
Eit verdig og livssynsnøytralt seremonirom 
I samarbeid med Ulstein Sokn vidareføre Ulstein Kyrkje i framtida. Hjelpe soknet med å finne tenelege lokale sentralt i Ulsteinvik for å støtte oppunder soknet sin arbeidskyrkjemodell.
 

Gode tilbod til borna våre er viktig då grunnlaget for gode levekår vert lagt i dei første leveåra. Det må leggast til rette for godt samarbeid i tenesteapparatet, heilt frå starten av bornet sitt liv til vaksen alder. Dei ulike deltenestene må knytast tettare saman og førebygging er særs viktig.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Bygging av ny barnehage i Hasund krins
Ein ny kommunal barnehage i sentrum, gjerne nær eldreinstitusjon
Fleksibelt barnehageopptak gjennom kalenderåret
Full barnehagedekning
Sikre kompetanse og kapasitet innan barnevernet gjennom interkommunalt samarbeid
Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid 
Vidareføre resultata frå SLT-modellen for tidleg innsats hos trengande (samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak)


Vi ønsker kvalitet i omsorga og gode velferdstenester. Alle som treng velferdstenester, både unge og eldre, skal behandlast med omsorg, respekt og verdigheit. Omsorgstenestene har stått overfor auka press siste åra og meir av behandlinga skjer no i kommunen. Det er viktig at kommunen byggjer opp kompetanse og rustar seg til å ta imot oppgåvene som er overført. Ein ser også at det skjer ei tilflytting av menneske som ynskjer å bu meir sentralt, også dei som treng eit tenesteapparat rundt seg.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Utrulling av reforma «Leve hele livet»  
Heimebasert omsorg for å kunne bu i eigen heim lengst mogleg
Vurdere tilrettelegging for nye alternative buformer (kjøpe/leige)
Tidleg innsats i skulen; helse, rus og omsorg
Rett kompetanse og tilstrekkelig bemanning innan pleie- og omsorgstenestene for å oppretthalde eit fagleg forsvarleg nivå
Fokus på kontorfasilitetar og arbeidsmiljø
Styrking av bemanning innan psykisk helse og rus, særleg retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor arbeidslivet
Klart fokus på rusførebyggjande tiltak
Styrka satsing på ergoterapeut/ hjelpemiddelkonsulent
Kompetanseutvikling for personalet, gjerne gjennom utlyste prosjektmidlar
Heile stillingar og redusere deltid hjå tilsette, støtte opp om alternative turnusordningar
Halde fram satsing på bruk av velferdsteknologi i omsorgstenesta

 

Gode vegar og satsing på betre vegsamband medverkar til auka verdiskaping og berekraft for kommunen og heile regionen. Vi må sette fokus på å bygge fleire gang- og sykkelvegar; og samstundes presse på slike prosjekt hjå staten, regionen- og fylkeskommunen. Vidareutvikling og styrking av samferdselstilbodet er avgjerande for at regionen skal utvikle seg. Vi vil arbeide for eit betre kollektivtilbod lokalt og regionalt.  HAFAST må realiserast snarast råd. Meir insentiv i kollektivtrafikken og betre koordinering av mål mellom ferjer, hurtigbåt, buss og flyrutetilbod er forventa.

Ulstein Høgre vil arbeide for:

Prioritere gang- og sykkelvegar komande periode:
Gangveg gjennom Bakkegata til skuleområdet
Gangveg Ulstein Skule til Gamleveien (fylkesveg)
Gangveg Garnes til Dragsundbrua (fylkesveg)
Turveg Haddal (trygg kryssing) (fylkesveg)
Turveg frå Ulsteinelva til Gåsneset (fylkesveg)
Trygg veg for gåande i sentrum; samband frå busstasjon til Ulstein Arena og Skuleparken

Trafikkavvikling

Rundkøyring Saunesmarka
Rundkøyring Hasundkrysset
Rundkøyring på Saunes, invitere til OPS (kommune, fylke og private)
Rundkøyring Varleite, og/eller sambindingsveg frå Varleite til rundkøyring ved Saunesmarka

Ytterlegare tiltak innan samferdsel:

Kartlegge behovet for utbering av fylkesvegen til Flø; møteplassar, turstiar, fartsgrense osv.
Arbeide for barnebillettar på kollektivtransport for alle skuleelevar med gyldig elevkort
Arbeide for gratis kollektivtransport mellom krinsane og sentrum/idrettsanlegg
Arbeide for å opprette fleire krinsruter, mindre bussar som køyrer meir fleksibelt og gjerne heilt heim

 

 

Vår generasjon forvaltar miljøet og klimaet på vegne av komande generasjonar. Klimautfordringane er globale, men vi står også framfor lokale utfordringar. Det offentlege må syte for stabile og gode rammevilkår, ein framtidsretta infrastruktur, samt sørge for berekraftig naturressurs- og arealforvaltning.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Eit nei til bygging av vindturbinar i kommunen. Vi vil jobbe for eit grønt skifte ved å sjå på andre løysingar for å få til dette t.d. ved betre utnytting av eksisterande vannkraftanlegg samt effektive ENØK tiltak
Rullering av klimaplanen
Stimulere til eit «grønt skifte» for næringslivet
Betre samarbeid med SSR for å få til kostnadseffektive, fleksible,meir miljøvenlege og praktiske ordningar
Betre tilrettelegging for avfallssortering for bedrifter og kommunale eigedommar
Kommunale etatar skal stå fram som miljøfyrtårn og gode eksempel ved å vere berekraftige og økonomisk forsvarlege innan vedtekne rammer
Miljøbevisste skuleborn
Prøve ut kommunale elbilar
Prøve ut utleige av bysyklar
Redusere bruk av plast i kommunal regi
Betre tilrettelegging for utnytting av Ulstein Fjernvarme

 

Busetjing og auka folketal kjem som konsekvens av vertskapsattraktivitet. For å vere attraktivt må Ulstein samfunnet vere tilpassingsdyktig og endringsvillig. Vi treng areal for nye bustadar, og vi treng å oppretthalde krinsane med skule- og infrastruktur slik at innbyggjarar som ynskjer å flytte til sentrum kan få seld bustaden sin til dei som ynskjer å overta eigedommar i krinsane. Tilflyttarar og dagens innbyggjarar ynskjer tilgang til båtplass, sjøhus eller naust, men kapasiteten er i dag langt lågare enn etterspørselen.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Tilstrekkeleg med regulert areal til bustadar og næringsområde
Tilrettelegging for nye sentrumsnære byggjefelt. Utgreie fleire alternativ
Legge til rette for sentrumsnær fortetta busetjing med livsløpstandard
Oppretthalde skulestrukturen, barnehagar og leikeplassar i krinsane for å gjere det attraktivt å bu i krinsane
Legge til rette for bustadbygging i krinsane for alle generasjonar  
Legge til rette for fleire småbåtplassar, naust og sjøhus 

 

Eit skapande næringsliv er ein føresetnad for livskraftige lokalsamfunn. Solide bedrifter skaper trygge arbeidsplassar og legg grunnlaget for vekst og utvikling av Ulstein samfunnet. For å medverke til investeringslyst og ønske om lokalt forankra næringsliv, må kommunen vere attraktiv for dei som skal drive slik verksemd i området. Kommunen må vise endringsvilje for å tilpasse tilbodet til behov og etterspurnad.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Tilstrekkeleg med regulert areal til bustadar og næringsområde
God og utviklingsorientert bruk av næringsfondet
Halde kommunale avgifter og gebyr på eit akseptabelt nivå
Optimale rammevilkår for næringslivet gjennom rask og velvillig sakshandsaming 
Forsvar av eigedomsretten
God og systematisk dialog med bedriftene 
Ulstein som ein av dei beste næringslivskommunane i Noreg
Få ungdom til å flytte tilbake til Ulstein Kommune
At 5% av alle stillingar i kommunen skal vere tilgjengeleg for innbyggjarar som har utfordringar med å kome inn i arbeidslivet
Forenkle ruspolitisk handlingsplan
Fleire statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar lokaliserast i Ulstein Kommune

 

Ulsteinvik veks som tenesteytings- og handelssentrum i tillegg til industrisenter. Sentrumsbasert hotell og kulturhus nær butikkar, kjøpesenter og idrettsanlegg byd inn til auke i turisme og besøkande frå fjern og nær. Vi har store idrettsanlegg som kan nyttast meir enn i dag. Etablerte turistaktivitetar kan vidareutviklast. Ulstein Høgre meiner at tilrettelegging for meir opplevings- og idrettsturisme kan bidra til auka besøk til kommunen som vidare vil styrke ytterlegare aktivitet. Ein del av gjestane får ikkje plass på hotell, eller vel å kome rullande/flytande med eige husvære. 

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Legge til rette for sentrumsnær parkering for campingvogner og bubilar
Ynskje større arrangement velkomne til Ulsteinvik (konsertar, teater, LAN, 
e-Sport, landskampar osv.)
Idrettsturisme (maksimere bruk av anlegg og hotell) 
o Friidrett, fotball og handball
o Fjellturar, hav, segling, kajakk, fiske, dykking
Tilrettelegge for sanitæranlegg på ulike friluftsområde i kommunen vår
Utvide areal for parkering ved populære frilufts- og utfartsmål

 

Frivillig innsats er avgjerande for å skape eit rikt lokalsamfunn og er ein sterk sosial faktor. Ulstein har ein stor frivillig sektor der særleg idrettslaga og ulike frivillige organisasjonar har vore med på å skape solide «merkevarer» for kommunen.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Samarbeid med og støtte Frivilligsentralen og dei frivillige organisasjonane som gir barn, unge og eldre positive kultur- og fritidstilbod
Utvikle eit mangfaldig lokalt kulturtilbod

 

I eit godt lokalsamfunn skal det vere rom for alle. Dette inneber respekt for einskildmennesket, toleranse for ulikskapar og sosialt medansvar. Deltaking i arbeidslivet er ein føresetnad for å inkludere nye innflyttarar.

Ulstein Høgre vil arbeide for:
Betre norsk språkopplæring for fleirspråklege og flyktningar
Betre integrering gjennom arbeid
Fjerne framandfrykt og mobbing i skule og arbeidsliv
Bruke idrettslag, kulturtilbod og andre fritidstilbod aktivt som integreringsarena

 

Ulstein Kommune har hatt store inntektstap dei siste åra. Det er viktig at kommunen samarbeider med næringslivet for å leggje til rette for auka inntekter på lengre sikt. Kommunen må også  jobbe for å redusere sine kostnader. Det er viktig å ha ein økonomisk berekraftig balanse mellom inntekter og kostnader, men kommunen skal ikkje legge unødig bør på skuldrane til vanskelegstilte.

Ulstein Høgre vil arbeide for:              

  • Periodisk innbetaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt for dei som ynskjer det
  • Auka botnfrådrag på eigedomsskatten
  • Fjerne eigedomsskatten innan 2023
  • Unngå auka samla gjeld i Ulstein Kommune
Eller last ned vårt program her