Ørsta Høgre inviterer til næringspolitisk debatt på Tik onsdag 30. august.


Det vart gjort store endringar av rammevilkåra for næringslivet i samband med statsbudsjettet i fjor haust. Korleis råkar dette næringslivet vårt?

Norske eigarar tar no ut mykje eigenkapital frå selskapa sine for å betale ein skatt som utanlandske eigarar i Norge slepp å betale. Kva betyr det for konkurransekrafta til dei norsk eigde bedriftene?
Investeringane til fornybarnæringane stoppar opp pga. auka grunnrenteskatt og høgprisbidrag på straum. Kva betyr det for omstillinga til det grøne skiftet?  

Dette er nokre av  problemstillingane som vi tek opp til debatt.
I Høgre meiner vi at næringslivet må ha meir føreseielege vilkår.

Korleis vil Høgre følgje opp det når dei kjem i regjering?