Per-Are Sørheim
Per-Are Sørheim har vore ordførar i Ørsta sidan 2023.
Kven er Per-Are?
Namn: Per Are Sørheim
Bustad: Vatne
Sivil status: Gift med Monica, har to voksne søner og to barnebarn.
Yrke: HR-sjef i Wattn
Per-Are har vore aktiv i Ørsta-politikken frå 2011, og er no inne i sin tredje valperiode. I dei to siste valperiodane har Per-Are også vore fast representant i formannskapet. Per-Are har difor god innsikt i den politiske situasjonen og dei utfordringane som Ørsta no står framfor.
30 år med ulike leiarroller i næringslivet
Per-Are har i nær 30 år jobba i ulike leiarroller i næringslivet. Dei siste åra har han vore sentral i skipinga og oppbygginga av selskapet Wattn AS.
I Wattn har han i dag har ansvaret for den interne organisasjonsutviklinga som HR-sjef. Før det jobba Per-Are i 14 år som adm.direktør i Tussa 24 AS.
Han var også vore sentral i utviklinga av Tussa-konsernet då selskapet kjøpte opp dei lokale elverka og gjennomførte ei konserndanning på nittitalet.
Fritida
Monica og Per-Are er eigarar av Hans-garden her oppe på Vatneeidet og har lagt ned mykje arbeid både i bygningar, hagen og gardstunet.
– Eg har alltid nokre prosjekt på gong, både inne og ute. Det er god terapi å ha noko praktisk å halde på med, når dagane elles går med til møter og kontorarbeid, seier Per-Are.
– Vi har også reist ein god del. Eg har ei interesse for historie og Monica innan kunsthistorie, så vi har vore innom mange byar, museum og kyrkjer desse åra.
– Det viktigaste i livet er likevel to flotte barnebarn som alltid ventar på oss. Det vert difor nokre turar til Oslo i løpet av året.
Kvifor Høgre?
– Fordi det er eit parti som forstår at verdiar må skapast før dei kan fordelast. Difor har vi alltid vore opptatt av å legge til rette for dei som skaper arbeidsplassane i samfunnet.
– Vi er opptatt av å utvikle ein god velferdsstat, men er også tydlege på at vi alle har både rettar og plikter.
– Vi vil alltid setje innbyggarane våre sine behov først. Difor er vi opptatt av å gi innbyggarane våre valfridom.
– Det viktigast er nok likevel verdisyn vårt for om likeverd og like moglegheiter, samt trua på det unike i kvar og ein av oss.