Sebastian Haugland

Høgre sin gruppeleiar i Osterøy heradsstyre

Sebastian sine hjartesaker er

Oppvekst

Nøkkelen til velstand og moglegheiter i framtida ligg i investeringa samfunnet gjer i oppveksttilhøve og opplæring av barn og unge.

Utdanning

Eg vil at skulen skal ha høg kvalitet og gode tilhøve for barn sin læring og sosial utvikling, uavhengig av deira faglege styrke eller kva skule dei går på, der dei har moglegheita for å lukkast.

Arbeidsplassar

Eit lønsamt og nyskapande næringsliv er ein føresetnad for samfunnet si offentlege og private velferd. Det gode næringslivet me alt har må få moglegheita til å blomstra og veksa, og samstundes må me trekkja til oss nye eller etablerte bedrifter for å skapa endå fleire arbeidsplassar.