7 gode grunnar

til at me er riktig parti for deg på Osterøy

Utsikt mot Rolland

Moglegheiter for alle på Osterøy

Høgre vil at Osterøy skal vera ein god kommune å leva i og ein attraktiv kommune å busetja seg, arbeida og driva bedrifter i.

Me meiner at det er du sjølv som veit best kva som er rett for deg. Derfor vil Høgre kjempa for retten din til å velja sjølv, og din rett til å vera annleis. Fridom er òg ansvar. Fridom til å velja sjølv vil seia at ein også må ta ansvar for konsekvensane, men samstundes skal alle kjenna på grunnleggjande velferd og tryggleik.

Sebastian Haugland
Skulejente

1. Ein skule der folk lukkast

For å skapa eit samfunn der alle kan lukkast er det avgjerande med gode skular. Høgre vil prioritera lærarane sine vilkår, tidleg innsats, meir lesing på barnetrinnet og ny ungdomsskule. Alt dette for at fleire elevar skal trivast og oppleva meistring ved læring.

I tillegg vil me syta for at skulen blir betre tilpassa kvar enkelt elev og arbeida vidare for å sikra trygg tilkomst til skulane, mellom anna med fleire gang- og sykkelvegar.

Høgre vil ikkje ha noko endring på den skulestrukturen me alt har på Osterøy.

2. Du skal gle deg til å bli gamal på Osterøy

Høgre vil at Osterøy skal bli eit meir aldersvenleg samfunn. Kommunen må i høgare grad prioritera førebyggjande arbeid for å redusera sjukdom og slitasje, og leggja til rette for ein sosial og aktiv alderdom. Eldre som treng pleie skal møta ei kompetent helseteneste som gjev dei valfridom og tek dei med på råd.

Me vil også at kommunen undersøkjer innføring av «Nordsjøturnus» i helse– og omsorgssektoren saman med høvelege strukturendringar. I andre kommunar har slikt gjeve tilsette ein betre kvardag og ført til lågare sjukefråvær.

3. Ta vare på naturen vår

Høgre meiner at me har eit viktig ansvar for å sørgje for at også komande generasjonar får nyta verdien av dei unike natur- og friluftsopplevingane som Osterøy har i dag. Me vil derfor føra ein forsvarleg forvaltningspolitikk gjennom vern av unike naturområde, og sikring av allmenn tilgang til strandsona.

Me vil også verna om og styrkja det landbruket og naturen me har, og arbeida for arealnøytralitet som prinsipp ut frå jordvernomsyn.

4. Det rike kulturlivet i bygdene

Osterøy har lange, stolte og sterke tradisjonar innanfor kultur og idrettsliv. Deltaking i frivillige organisasjonar med ulik form og føremål skapar samhald, tilhøyrsle og lokal identitet.

Høgre vil utvida Osterøyhallen med ein tredel og installera alternative energi- og oppvarmingskjelder. Me vil samtidig byggja ny symjehall same stad.

5. Trygge og godt vedlikehaldne vegar

Som øykommune må Osterøy ta vare på alle eksisterande transportlinjer mot fastlandet, men også vurdera alternative samband. Medan Osterøyvegen frå brua til Lonevåg er den udiskutable hovudfartsåra, er ferjesambandet Valestrand–Breistein eit viktig alternativ til den.

Høgre vil arbeida vidare opp mot fylkeskommunen for å få utbetra m.a. vegane til Fotlandsvåg, Tysse og Bruvik kor det må bli trygt å kjøra med både bil, buss og lastebil.

Me vil også styrkja vedlikehaldet av våre eigne kommunale vegar.

6. Me er på lag med jobbskaparane

Det skal vera lønsamt og attraktivt å skapa arbeidsplassar på Osterøy. Me heiar på og er på lag med alle som vil skapa jobbar og verdiar i kommunen. Høgre kjempar aktivt mot rekkjefølgjekrav, og har som mål å redusera og – på sikt – fjerna skatten på næringseigedom.

Når skatten likevel er der ønskjer me å bruka minst 5% av den til å finansiera Osterøy utvikling slik at noko av den i det minste går til investeringar i vår felles framtid.

Me vil få fjerna større rekkjefylgjekrav til mindre private utbyggingsplanar som kommunalt verkemedel til utbygging av offentleg infrastruktur. I større planar vil me få kommunen til å samarbeide med utbyggjar til å inngå spleiselag også saman med andre offentlege mynde.

7. Kommunen og næringslivet

Kommunen lyt leggja til rette for fleire samarbeidsprosjekt og nyetableringar, og vidare vekst av eksisterande verksemder for å skapa fleire arbeidsplassar.

Høgre vil at næringslivet vert møtt med ein positiv, open, hjelpsam og velviljug haldning frå kommunen, og at alt vert gjort for at sakshandssamingstida og kostnadane kan reduserast vesentleg.