6 gode grunnar til å røyste på Sogndal Høgre

1. Kvalitet og tryggleik i helse- og omsorgstilbod

«Leve heile livet» i eit aldersvenleg samfunn skal vere retningsgivande for Sogndal Kommune. Me skal ha bygder som er i stand til å møta dei utfordringane og moglegheitene som er knytt til den aldrande befolkninga. Sogndal høgre vil arbeide for fleire bustader tilpassa eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i sentrumsområda, slik at ein enklare kan oppsøkje aktivitetar og finna fellesskap gjennom å møte andre menneske. Me ynskjer ei sterk heimeteneste og sjukeheimsplassar til alle som treng det . Sogndal Høgre vil vera ein pådrivar for gode tenester innan rus og psykiatri.

2. Høgre set barn og unge først

Alle born og unge i Sogndal skal ha ein trygg og god oppvekst. Sogndal kommune skal levere gode tenester i barnehage og grunnskule, og vere pådrivar for eit variert tilbod ved dei vidaregåande skulane våre. Alle born og unge skal oppleve meistring og tryggleik i eit barnehage- og skulemiljø med nulltoleranse for mobbing. Skulen på Kaupanger skal rustast opp, me ynskjer ny permanent barnehage på Kvernhushaugen og fleirbruks- og basishall i samband med ny 1-7 skule i Sogndal sentrum.

3. Sogndal skal byggje framtida gjennom skaparkraft og gründerskap

Me skal bli best på å tiltrekke oss kunnskapsrike og kreative menneske, bedrifter og arbeidsplassar. Folk med ambisjonar og idear om å skape arbeidsplassar i Sogndal kommune skal møte ein kommune som gir støtte og rettleiing og finn moglegheitene saman med deg.  Med Sogndal vidaregåande skule, Høgskulen på Vestlandet , eit stort spekter av offentlege arbeidsplassar, variert og spennande næringsliv, og eit stort  innovativt grundermiljø på Campus har me alt som trengs for å lykkast. I kampen om den framtidige arbeidskrafta skal me ha ein kultur der det er lov å lukkast – med Høgre skal Sogndal  bli ein tydelegare JA-kommune der idear og innovasjon vert realisert

4. Ein kommune du har råd å bu i

Mange opplever å få ein svekka privatøkonomi på grunn av høge straumprisar, auka rente og stadig dyrare matvareprisar. I tillegg krev me inn mykje i eigedomsskatt samstundes som dei kommunale avgiftene vert høgare. I mange familiar vert barn skadelidande på grunn av foreldra sin dårlege økonomi. Høgre vil at du skal behalde meir av eigne pengar. Difor vil me senke og på sikt fjerne eigedomsskatten. Me vil arbeide for gratis SFO for låginntektsfamiliar og tilby gratis aktivitetskort for minst ein fritidsaktivitet.

5. Gode og varierte bumiljø

Sogndal kommune skal vera ein triveleg kommune å kome til og bu i, uansett alder og livssituasjon. Kommunen skal vera ein god plass for alle og det skal vere attraktivt å velje kommunen vår som heimstad. Me skal ha tilgjengelege tomtar for alle typar bustader i heile kommunen for å sikre innbyggjarane valfridom.

6. Kultur, idrett og friluftsliv

Eit godt kultur, idrett- og friluftsliv er viktig for innbyggjarane i Sogndal kommune.  Sogndal Høgre vil legge til rette for arenaer for både idrett og kultur i heile kommunen. Tilgang til fjord og fjell med våre fantastiske turområde skal styrkast.