Valprogram
2023-2027

Les meir om kva vi går til val på i Solund dei neste fire åra!

Vår visjon er at Solund skal vere eit trygt lokalsamfunn der det er godt å bu og arbeide. Eit samfunn som ungane våre vil busetje seg i og tilflyttarar kjenner seg heime og inkluderte i. Innbyggjarane i Solund er vår viktigaste ressurs, og det er først og fremst dei vi må ta utgangspunkt i for å trygge og utvikle kommunen vår.

Solund skal vere ein JA-kommune med moglegheiter for alle!

Likeverd, likestilling, samhald og sosial tryggleik er viktige byggjesteinar i eit trygt samfunn og vi vil støtte opp om desse verdiane. Vi vil at innbyggjarane skal ha eit godt tilbod innan kommunale og statlege tenester. Gjennom å stimulere til vekst i det lokale næringslivet vil vi leggje til rette for at det vert skapt fleire arbeidsplassar
og dermed også danne grunnlag for framtidig busetnad i øyriket vårt.

Her er nokre av sakene vi vil arbeide for:

  • Å gje rammer som sikrar ei eldreomsorg tufta på kvalitet, tryggleik og trivsel.
  • At barn og ungdom får kjennskap til dei næringane og moglegheitene som er i Solund.
  • Å ha nok utleigebustader i kommunen for å sikre arbeidskraft og busetnad.
  • Bygging av djupvasskai i kommunen.
  • Fjerne eigedomskatten.

Solund Høgre vil lytte til deg som innbyggjar, for dine meiningar er viktige. Vår politikk skal vere målretta og løysingsorientert. Samarbeid gjev resultat. Vi skal difor bidra til at dei politiske partigruppene skal ha eit godt og tillitsfullt samarbeid. Vi vil ta ansvar og arbeide aktivt med tilrettelegging for utvikling i alle delar av kommunen.

Les heile valprogrammet vårt her: