6 grunnar til å røyste Høgre i Stad

1. Gode helsetilbod

Vi er opptekne av at alle innbyggjarar i Stad skal få det primærhelsetilbodet dei treng, når dei treng det, der dei treng det. Vi vil styrke førstelinjetilbodet ut mot innbyggjarene, styrke heimesjukepleien, styrke sjukepleien på institusjonane, styrke kommunelegetenesten og styrke vernepleien. Alle skal kjenne seg trygge på at dei får nok hjelp, og dei som gjer desse jobbane skal vite at vi set stor pris på innsatsen og vil auke ressursbruken.

2. Lytte til ungdomen

Vi vil leggje best mogleg til rette for at ungdomane i Stad kommune har eit variert tilbod som er tilpassa deira behov når det gjeld utdanning, yrke, fritid og familieliv. Difor vil vi gjennomføre ei stor undersøkning for å høyre ungdomen og kva dei treng og når.

3. Nei til eigedomskatt

Vi vil fjerne eigedomskatt for private, og ikkje innføre eigedomsskatt for næringslivet. Eigedomskatt er ikkje eit godt verktøy for å skape utjevning, men ei dobbeltbeskatning som rammar alle. Stad kommune må få ein sunn økonomi som ikkje er avhengig av kunstig pustehjelp som eigedomsbeskatning.

4. Eit sunt næringsliv

Vi vil styrkje næringslivet gjennom å skaffe mer næringsareal, inføre insentivordningar for nyetablering og innovasjon samt sikre rask og forutseibar sakshandsaming av reguleringsplaner. Eit berekraftig og sunt næringsliv som skapar verdiar er den beste investeringane for å sikre sunn kommuneøkonomi og sikre gode tilbod til innbyggjarane.

5. Forutseibar skulestruktur

Vi vil ha ein foruseibar skulestruktur som balanserar eit sterkt læringsmiljø, nærleik til skulen, ein skule som er eit nav i nærmiljøet og sunn økonomisk drift. Vi treng nye skulebygg og/eller opprusting av eksisterande bygg fleire stadar i kommunen, det må planleggast godt og i god tid i førevegen for eventuelle endringar i strukturen.  

6. Få orden på økonomien

Vi skal få orden på kommuneøkonomien gjennom god styring, god planlegging, effektivisering av drifta og styrking av næringslivet – og av å gjere Stad til ein enno meir attraktiv stad å bu. Det vil og kreve hard prioritering, og nye investeringar i bygg og anlegg må vere styrt av behov, men ikkje vere overinvesteringar kommuneøkonomien ikkje kan bere.