Stad Høgre si liste til kommunevalet

Stad Høgre har gjennomført nominasjonsmøte og vedteke lista til kommunevalet til haustens val

Nominasjonsmøtet i Stad Høgre har einstemmig vedteke følgande liste:

1 Dag Henning Reksnes 1963 M Kjølsdalen (Ordførarkandidat

2 Kristina Leknesund Myrseth 1987 K Selje

3 Daniel Hildenes 2005 M Nordfjordeid

4 Magne Fure 1976 M Selje

5 Anne Marie Seljeseth 1947 K Nordfjordeid

6 Arild Dag Myklebust 1983 M Selje

7 Jostein Roald Huneide 1946 M Nordfjordeid

8 Kjetil Vetrhus 1971 M Flatraket

9 Anne Liv Ervik 1958 K Stadlandet

10 Asle Rasmus Seljeseth 1976 M Stårheim

11 Torbjørn Jonny Lund 1978 M Nordfjordeid

12 Toril Irene Olesrud Fjørtoft 1954 K Norfjordeid

13 Svein Rune Krakereid 1970 M Selje

14 Torbjørg Lefdal 1950 K Kjølsdalen

15 Helge  Solheim 1952 M Flatraket

16 Tommy Silden 1981 M Selje

17 Andreas  Andreassen Haavik 2005 M Nordfjordeid

18 Ivan Senkin Studrød 2005 M Nordfjordeid

19 Anders Lien 1950 M Selje

Merknader:

Dag Henning Reksnes er ordførarkandidat og oppført med stemmetillegg (kumulert).

Det er eit nokre endringar frå nominasjonsnemda si innstilling og vedteken liste.

Geir Årvik – har vurdert og konkludert med at han ønska å trekke seg frå listeframlegget på grunn av arbeidssituasjon og arbeidsbelastning og at han ikkje ville kunne bidra i det politiske arbeidet med det som krevst av innsats og tid for å gjere eit godt politisk verv.

Einar Midtbø valde å trekke seg frå listeframlegget, då han har lenge vore aktiv i lokalpolitikken og ønsker å nytte tida på andre område enn politikk.

Wanja Lien takka nei til gjenval i nominasjonsarbeidet og stiller ikkje til gjenval. Wanja vil halde fram i foreningsarbeidet som kvinnepolitisk ansvarleg  og aktiv i lokallaget.

Stad Høgre takkar av Wanja, Geir og Einar for arbeidet og innsatsen i kommunestyregruppa for Stad Høgre.

Nominasjonsnemda og nominasjonsmøtet handsama desse fråfalla og fatta einstemmig vedtak på listeframlegget.

Vi ser fram til den komande valkampen og valresultatet.