Fylkesårsmøte Vestland Høgre 2025

Denne helga har Vestland Høgre gjennomført sitt årsmøte, der ny politikk for korleis fylkeslaget ynskjer at Noreg skal utvikle seg vidare, blei vedtatt. Stord Høgre har vore aktive pådrivarar for å løfta fram utfordringar som er særleg viktige for vår kommune, og me er stolte over å ha fått gjennomslag for fleire viktige saker som no blir del av Høgre sitt politiske arbeid fram mot landsmøtet.
Stord Høgre har fått med seg årsmøtet i Vestland Høgre på å:

Fjerna meirverdiavgifta på vatn- og avlaupstenester for å redusera kostnadane for innbyggjarane.

Evaluera sjølvkost som finansieringsmodell for vatn- og avlaupssektoren for å sikre meir berekraftige og rettferdige løysingar.

Få på plass insentivordningar for å motivere til samarbeid og organisering i større einingar innanfor vatn- og avlaupssektoren slik at me sikrar betre og meir robuste tenester.

Jobbe for at kommunane skal få ein større del av inntektene frå skattlegging av utanlandske arbeidarar, både dei som er underlagt kjeldeskatt-ordninga og dei som er ordinært skattlagt.

I tillegg fekk me vere med på fleire endringsforslaga som Vestland Høgre tek med seg vidare inn til landsmøtet, og program og resolusjonsarbeidet. 

Stord Høgre vil no jobba vidare for å sikre at desse sakene blir ein del av Høgre sitt landsmøteprogram og på sikt føre til endringar i nasjonal politikk.


Sitat frå Stord Høgre sine representantar:

Thomas Danielsen, leiar i Stord Høgre:
«Dette er viktige saker for Stord og mange andre kommunar. Me ser at dagens regelverk gjev unødvendige økonomiske utfordringar for innbyggjarane og kommunen. At me har fått Vestland Høgre med på desse forslaga, er ein stor siger – no må me jobba vidare for å få gjennomslag nasjonalt.»

Inga Lothe, gruppeleiar for Stord Høgre:
«Spesielt når det gjeld vatn- og avlaupstenester, ser me at dagens system fører til aukande kostnader for innbyggjarane. Me meiner at ei fjerning av meirverdiavgifta og ei evaluering av sjølvkostmodellen vil bidra til ei betre løysing for framtida.»

Øyvind Kyvik, varaordførar i Stord:
«Stord kommune ilag med viktige næringsaktørar  spelar ei avgjerande rolle i verdiskapinga i Noreg, men kommunen får i dag for lite att for arbeidet me gjer, spesielt når det gjeld skattlegging av utanlandske arbeidarar. At Vestland Høgre no støttar oss i å krevja ein større del av desse inntektene til kommunane, er eit viktig steg i rett retning.»

Liv Kari Eskeland, Stortingrepresentat Vestland Høgre: «Dette blir viktig for kommunane i åra som kjem, og går dette inn i høgre sitt program, vil det bety svært mykje for lommeboka vår. No ser vi fram til neste stortingsperiode, og det er svært motiverande å kunne jobbe med forhold som betyr så mykje for oss her vest.»

For meir informasjon ta kontakt: Thomas Danielsen