Øyvind Kyvik – vår ordførarkandidat
Kvifor du skal gi Høgre og meg stemma di?
Bli betre kjent med Øyvind!
Alder: 35
Sivilstatus: Sambuar med Katrine og me har tre barn: Fredrik (8) Tørres (6) og Ada (1)
Jobb: Leiar for den globale klimasatsninga i Aker Solutions.
Bakgrunn: Oppvaksen på Langeland. Studert automatiseringsingeniør og budd i Bergen i 7 år. Flytta heim til Stord og Sagvågen i 2014 og trivast veldig godt her.
Politisk erfaring: Sete snart 4 år i kommunestyret, formannskapet, driftsutvalet og arbeidsgivarutvalet. Sit også som representant for kommunen i kyrkjeleg fellesråd.
Kvifor er Høgre rett parti for deg? Fordi Høgre fokuserer på korleis me best mogleg kan skape fridom og valfridom for enkeltmennesket. Særleg er eg oppteken av å skape moglegheiter for alle uansett bakgrunn og lommebok. Høgre har også ein veldig pragmatisk tilnerming til problem. Ein finner ut kva løysining som vil passa i dei enkelte tilfella, i stede for å væra låst til ein ideologisk måte å løyse problem.
Det er laurdag, klokka nærmer seg 19.00. Kva vil du helst ha til middag? Flyvende Jacob. Ein deilig kyllingrett med karri.
Konsert eller idrettarragmenet? No er eg fotballpappa til gutane mine, men likar også å gå på konsert når kulturlivet på Stord inviterer innbyggjarane inn.
Dersom du skulle valt ein, kva er favorittartisten din? Ingenting er som å høyra kompisgjengen synge Kaizers Orchestra. Men når eg skal konsentrere meg så høyrer eg på Susanne Sundfør.
Funfact? Har gått på tur med Kronprinsen i Landåsen og drukke kakao ilag.
Kva er din favorittplass i kommunen og utanfor kommunen? Trives usedvanlig godt i Sætravikjo. Espevær på Bømlo er den flottaste plassen utenfor Stord.