8 gode grunnar til å stemme Høgre på Stord
1. Kommunen som pådrivar for verdiskaping og vekst i det private næringsliv
Stord kommune skal gjennom god samhandling i regionen, vera ein attraktiv kommune for etablering av nye bedrifter, driva næringsutvikling og skapa nye arbeidsplassar. Kommunen skal vere imøtekommande for nye næringar i kommuneplanen. Då tilgjengeleg areal er ein føresetnad for næringsutvikling, vil Høgre prioritere tilgang på slike arealer. Høgre vil jobba for at plan- og byggesakshandsaminga i kommunen blir mindre komplisert, samt korta ned handsamingstida.
2. Ein skule med meistring og livsglede
Ein god skule er nødvendig for at me skal kunne gi våre barn ein god start på livet. Høgre sitt mål er å skape ein kunnskapsskule med moglegheiter for alle. Ein skule med kvalitet og dyktige lærarar med rett kompetanse.
For at elevane skal oppleve meistring og trivsel, er det viktig med nulltoleranse for mobbing. Vidare, vil vi jobbe for eit godt læringsmiljø der skulekvardagen er tilpassa elevane sine einskilde behov. Høgre vil utbetre fasilitetar ved Langeland og Leirvik, sikre godt lærematerial i alle skulane, samt styrka laget rundt eleven med fleire helsesjukepleiarar og miljøterapeutar i Stord-skulen.
3. Livskvalitet i alderdommen
Høgre ynskjer å skapa eit aldersvennleg lokalsamfunn. Me vil jobba for ulike buformer og møtestadar der eldre opplever gode kvardagar. For å møta behovet for fleire sjukeheimsplasser, ser me fram til at dei 64 nye plassane ved Knutsaåsen sjukeheim står ferdige. Høgre vil jobba for at utforming og drift vert tilrettelagt slik at involvering av pårørande og frivillige kan skje og me ynskjer meir innhald og aktivitet i kvardagen for bebuarane. Dette for at bebuarane gjennom sosial omgang og aktivitetar kan oppretthalda eit meiningsfullt liv.
4. Hjelp når du treng det
Mange opplever å ha psykiske helseproblem i løpet av livet. Dette på tvers av aldersgrupper, samfunnslag og kjønn. Høgre vil utvikla og sikra gode lågterskeltilbod – som til dømes etablering av Fontenehus for dei som slit innan psykiske helse. Arbeidet mot mobbing og for auka toleranse, skal intensiverast. Me vil aktivt søke samarbeid mellom kommunen og ulike frivillige organisasjonar – m.a.o. Frelsesarmeen, Helt Med og Kirkens Bymisjon.
5. Frivillegheita – grunnpilaren i lokalsamfunnet vårt
Stord Høgre ynskjer å spela ei viktig rolle i å støtte opp om frivillig engasjement i Stord kommune. For at barn og unge skal kunne delta – uavhengig av økonomi, skal idrettslaga ha gratis tilgang til kommunale hallar. Å styrke frivilligheta vil styrke lokalsamfunnet og nærmiljøet. Me vil jobbe for å auke deltakinga og styrke inkluderinga. Høgre vil ta initiativ til at kommunen sin frivilligheitspolitikk vert konkretisert og prioritert.
6. Ein kommune me har råd til å bu i
Det vert stadig dyrare å bu i Stord. For Høgre er det difor viktig med tiltak for å auke inntektene og redusere kostnadsnivået. Me må utfordre dagens kostnadsstruktur og sjå på alternative løysingar i både anbod og i levering av tenester. Det handlingsrommet me opparbeidar oss som følge av dette skal koma den enkelte til gode gjennom eit lågare skatte- og avgiftsnivå, samt ei kontinuerleg forbetring av tenestene.
7. Regionbyen Stord
Stord er byen for langt fleire enn kommunen sine innbyggjarar, og denne posisjonen må me forvalte godt. Me skal vera brubyggjaren i regionen og initiativtakar til regionalt samarbeid. Gjennom regionsamarbeid for å tilføre breidde i nye arbeidsplassar og kompetanse skapar me ein region rusta for framtida og indirekte ei styrking av regionsenteret Stord.
8. Eit levande Leirvik sentrum
Høgre har som mål å utvikla Leirvik sentrum slik at me får utnytta det potensialet som Leirvik har. Me ynskjer ei oppgradering av byen og å tilretteleggja for nyetableringar i sentrumskjernen. Det er på tide å få fart på Borggata og knyta gata saman med aktivititeten i kaiområda, Sæ og kulturhuset. Me ynskjer å få til ein større flyt i sentrum av handel, kultur og opplevingar. Det skjer mykje spanande som til dømes utbygging av nytt hotell og nye leilegheitskompleks. I tillegg ønskjer Høgre å flytta biblioteket til Borggata, kollektivterminalen til Ritlandtomta samt oppføre eit service bygg på torget. Dette trur me vil gjera sentrum levande og attraktivt for alle generasjonar.