Vi har trua på Stranda!

Stranda er ein god kommune å bu, arbeide og leve i. Vi har ein fantastisk natur, låg arbeidsløyse, lite kriminalitet og dei sosiale problema er mindre enn mange andre stader i landet. Stranda har eit variert næringsliv med mange verksemder og arbeidsplassar for produksjon av mat. Det gjer oss til eit spiskammer for heile landet. Men vi har og fleire andre gode industribedrifter, samt ein sterk posisjon innan reiseliv og turisme.
Mange som bur i kommunen har kome frå andre land. Dei gjer god nytte for seg i arbeidslivet og yter til fellesskapet. Marknaden for bustader i kommunen er rimeleg bra, men tilbodet om leilegheiter kan verte betre.
Dei offentlege tenestene knytta til skule og oppvekst, helse og eldreomsorg held god kvalitet, sjølv om det som er bra alltid kan gjerast betre.
Storfjord kulturhus er kommunen si fremste storstove. I alle bygdelaga er det eit rikt kultur- og organisasjonsliv som i stor grad vert drive av frivillige, mellom dei mange pensjonistar.
Vi som bur i Stranda har mykje å vere stolte av og takksame for! For Stranda Høgre er det eit overordna mål å ta vare på og utvikle alt som er bra i samfunnet, og å finne dei beste løysingane på dei utfordringane vi har. Ambisjonen vår er eit samfunn der både dei som veks opp og dei som vert gamle har det trygt og godt. Kommunen si oppgåve er å levere tenester til innbyggjarane og til næringslivet med høg kvalitet i alle bygdelag.
Vi ber om di tillit for å få dette til. Stem Høgre 11. september!