7 gode grunnar til å stemme Høgre i Stryn

Høgre sin visjon for Stryn er eit samfunn med moglegheiter for alle.

1. Ei JA-kommune

Vi skal ha eit oppdatert kommunalt planverk som sikrar raskare framdrift og kortare saksbehandlingstid. Kommunen skal møte folk og næringsliv med ei Ja-haldning. Vi må ha bustad,- og næringstomter i heile kommunen. Med tanke på sjølvberging, kortreist mat og verdien av eit kulturlandskap i reiselivssamanheng, er det viktig at det vart lagt til rette både for større einingar og tradisjonelt landbruk i kommunen. Høgre vil sikre at bønder som vil utvikle råvarer frå eigen gard for videre sal enten det er til mat eller drikke, får høve til det.

2. Ambisjonar på elevane sine vegne

Høgre vil satse på alle trinn i skulane, og ser fem dagars skuleveke som det beste både for lærarar og elevar. Skulen skal setje den enkelte elev i sentrum, og lærarane skal få tilbod om fagleg oppdatering. Vi skal ha eit godt støtteapparat rundt elevane og ha høg trivsel i skulen. Vi skal ha ein mobbefri skule der elevane gjennomfører skulegangen med best mogleg resultat.

4. Fleksible barnehagar og SFO

Stryn skal ha ein familievenleg barnehagepolitikk med kontinuerleg barnehageopptak. Alle barn skal ha rett til barnehageplass ved fylte eitt år, og ved nytilflytting. Vi treng sommaropne barnehagar og SFO! Høgre vil òg styrkje SFO. SFO må vere tilgjengeleg på alle skulane våre. Vi ønskjer at SFO skal ha tett samarbeid med kulturskulen og kulturorganisasjonane i kommunen.

3. Ingen skal stå utanfor i Stryn

Høgre vil tilsetje fritidskoordinator for å ta kampen mot utanforskap, og leggje til rette for å inkludere fleire. Vi vil spele på lag med frivillige lag og organisasjonar. Leigeprisane i kommunale bygg må ikkje føre til at born- og ungdom fell utanfor i idrett- og andre kulturaktivitetar av økonomiske årsaker.

5. På lag med dei som skapar jobbane

Stryn kommune skal vere tilgjengeleg og opne for innovasjon og nye idear, og til ei kvar tid å ha næringsareal for nyetablering. Vi treng oppdaterte næringstrategiar i dialog med lokalt næringsliv. Høgre skal sørge for at omregulering, planlegging og byggesaksbehandling går raskt og sørge for forutsigbare prosesser slik at det bli enklere å skape nye jobbar.

6. Eit trygt lokalsamfunn

Vi vil ha fokus på oppfølging av kommunal beredskapsplan og å sjå tryggleik i lokal samfunnet i eit heilskapleg perspektiv. Eit nært samarbeid mellom offentlege, private og frivillige aktørar. Vi vil utarbeide kriseplanar, legge til rette for auka kompetanse, organisering, fordeling av ansvarsområde, og årleg evaluering og oppfølging av planen.

7. Godt liv i Stryn, heile livet!

Det skal være trygt å bli gamal i Stryn. Vi vil vidareutvikle omsorgssentera og jobbe for at ektepar/sambuarar kan bu ilag på sjukeheimane. Helsetilbodet skal femne alle grunnleggjande behov når du treng det.Tilsette skal få vidare- og etterutdanning dersom dei ønskjer det. Oppgåvene må fordelast slik at alle får brukt sine ressursar og kunnskap til beste for brukarane.