Sonja, vår ordførarkandidat

Kvifor du skal gje Høgre og meg di stemme i Stryn kommune?

Politisk erfaring

Eg har politisk erfaring frå både lokal og regional politikk. Valet i 2015 var starten på mange politiske verv i fylkestinget og kommunestyret. I perioden 2015-2019 var eg utvalsleiar for skule og kultur, formannskap- og kommunestyremedlem, på fylket var eg medlem i utvalet for opplæring og fylkestinget. I inneverande periode 2019-2023 er eg kommunestyrerepresentant, fylkestingrepresentant, medlem i utvalet for opplæring og kompetanse, medlem i yrkesopplæringsnemnda i tillegg styremedlem i Fagskulen Vestland og Breheimen nasjonalparkstyre.

Kvifor Høgre?

Høgre er rett parti for meg fordi vi ser heilskap i nærings- og skulepolitikken og gir moglegheiter for alle. Samtidig som Høgre forstår at verdiane som næringslivet skapar, må skapast før dei kan fordelast.

Eit stort engasjement for barn og unge

Eg er opptatt av at dei yngre stemmene må få kome til i samfunnsdebatten og har vore forslagsstillar både i kommunestyret og på fylkestinget der ungdomsråda no har møte og talerett. Det har vore fantastisk å få følgje opp 4 barn som har vore engasjerte i både organisert og uorganiserte aktivitetar oppigjennom oppveksten og vi som foreldre har vore deltakande som støtte og heiagjeng. Politiske verv har vore innan skule der eg har fått fram viktigheita av å ha eit godt støtteapparat kring elevane, at elevane må få velje utdanning utifrå interesse og lidenskap, ein skule pålag med næringslivet og viktigheita av at alle skulane i Vestland må ha ein miljøkoordinator. Eg har og vore ei stemme inn i politikken og framsnakka ungt entreprenørskap og kor viktig det er at ungdomane får sjekka ut dei gode verktøya elev,-ungdom,- og studentbedrift.

Med hjarte for STRYN!

Eg er opprinneleg Søre Sunnmøring men etter over 30 år i Stryn kommune der eg har budd og vore innbyggjar i dei fleste bygdene er eg no Stryning! I 1992 flytta eg til Olden og jobba på Mølla gjestehus før eg i 1994 flytta til Loen og starta å jobbe på Hotel Alexandra, i 2002 opna eg butikken Mor & Barn i Tinggata og budde då på Flo før familien i 2016 flytta til Stryn sentrum pga rasfarlege vegar😊 – nokon som har budd på så mange plassar i Stryn kommune som meg?

Eg er stolt av å vere Stryning og ser at vi er prisgitte dei fantastiske innbyggjarane vi har som skaper arbeidsplassar, festivalar, inkludering og eit attraktivt lokalsamfunn, samtidig ser eg at vi har eit ytlegare potensiale for vekst og utvikling.

Aktiv jente frå Sandsøya

Lidenskapen for idrett har vore der heile livet. I ung alder spela eg fotball med start ilag med gutane på miniputt,- lilleputt,- og gutelaget før eg starta på damelag. Fotballkarriere vart avslutta i Loen der eg spela på damelaget. Fun fact – i forbindelse med deltaking i Frøken Norge i 1993 spela vi pausekamp mellom Lyn og HamKam der eg scora 2 mål på Ullevål😊 Friidrett har og vore lidenskap der eg var ein ivrig 800m løpar, har dansa i leikarring, spela althorn i hornmusikken og sykla Bergen-Voss/Lillehammer-Oslo.

Favorittplassen

Vi har mange fine plassar å reise til for å få litt rekreasjon og kome oss litt vekk frå kvardagslege rutinar. Eg finn roa på hytta på Flofjellet og på Strandafjellet og set pris på sol og late dagar i leilegheita i Spania.