Åtte grunnar til å røyste Høgre i Sunnfjord
Saman skal vi halde fram med å utvikle Sunnfjord kommune. Born og unge skal møte dei beste skulane og barnehagane, med eit læringsmiljø som fremjar meistring og utvikling. Sunnfjord kommune skal vere ein JA-kommune som heiar på dei som skapar arbeidsplassar og som vil utvikle kommunen vidare. Sunnfjord Høgre vil ha gode lokalsamfunn, velferdstenester, kultur og opplevingar i heile kommunen.
1. Høgre set born og unge først
Sunnfjordskulen skal bli den beste i landet. Elevane skal få moglegheit til å løftast opp frå det nivået dei er på. Difor er det viktig å styrke kvaliteten slik at elevane får eit endå betre grunnlag for å lukkast. Sunnfjord Høgre vil prioritere ekstra innsats innanfor grunnleggande ferdigheiter slik at alle skal kunne lese, skrive og rekne når dei går ut av skulen. Sunnfjord Høgre vil styrke PP-tenesta, styrke rådgjevings- og skulehelsetenesta i tillegg til å jobbe for at alle skular skal få ein eigen miljøarbeidar for å ta vare på det sosiale miljøet på skulane.
2. Gode helsetilbod til alle
Alle vil i løpet av livet møte på ulike helseutfordringar. Sunnfjord Høgre vil sørge for ein politikk som set kvaliteten på tenesta først. Vi vil at du skal møte eit tilbod som gjev deg det du treng når du treng det, anten det gjeld fastlege, legevakt, vald eller brukarstyrt assistanse. Vi må få på plass fleire lågterskeltilbod innan rus og psykiatri.
3. Verdig eldreomsorg
Det skal vere godt å bli eldre i Sunnfjord. Sidan vi stadig får fleire eldre må vi bygge fleire omsorgsplassar og tilrettelagde bustadar. Vi må styrke heimetenesta slik at det vert trygt å bu heime lengst mogleg og få på plass gode tilbod for personar med demenssjukdom som også stadig vert fleire. For å gje våre innbyggjarar det beste tilbodet må vi rekruttere flinke fagfolk og tilpasse turnusane slik at dei passer dei tilsette i ulike livsfasar. Ny velferdsteknologi er naudsynt og vil vere eit supplement til varme hender, men aldri ei erstatning.
4. På lag med dei som skapar jobbar
Sunnfjord skal vere en JA-kommune. Høgre vil alltid leite etter løysingar når nokon ønskjer å etablere eller utvikle seg. Sunnfjord kommune har eit mangfaldig og attraktivt næringsliv. Sunnfjord kommune skal legge til rette for framleis vekst og investering i kommunen sitt næringsliv. Vi må til ei kvar tid ha ledig næringsareal i heile kommunen, og sakshandsamingstida må ned.
Sunnfjord kommune er den største landbrukskommunen i Vestland fylke. Landbruk, skogbruk og næringsmiddelindustrien må styrkast i vår region.
5. Gjere Sunnfjord attraktiv for dei som vil bu her
Høgre vil styrke Sunnfjord kommune sin attraktivitet gjennom trivsel og gode nærmiljø. Høgre ønskjer ei dynamisk byutvikling og levande bygder med møteplassar for aktivitet og rekreasjon.
Vi vil legge til rette for bustadbygging i heile kommunen. Bustadordningar som «Leige til eige» er viktig for eldre som ønskjer seg ein mindre og enklare bustad eller for nyetablerarar som manglar eigenkapital til å komme seg inn i bustadmarknaden. Riktig utbyggingstakt er viktig for å dempe bustadprisveksten. Vi vil jobbe for å redusere kommunale avgifter og eigedomsskatt i tillegg til å forenkle søknadsprosessar og unødvendig byråkrati.
6. Satse på frivilligheita
Frivillige lag og organisasjonar er berebjelken for aktivitetar og gode fritidstilbod i kommunen. Gode kultur- og aktivitetstilbod, mangfald og inkludering vil gjere Sunnfjord attraktivt for innbyggjarar, tilreisande, studentar og næringsliv.
For mange born er deltaking på fritids- og aktivitetstilbod det kjekkaste som skjer i løpet av veka. Kommunen skal saman med frivillige vere med på å legge til rette for at alle born får tilgang på eit idretts- eller kulturtilbod.
Talentutvikling for dei som skal sette sitt preg på kulturen framover er ei viktig oppgåve for kommunen.
Sunnfjord er heim til mange av landets viktigaste kulturinstitusjonar og kulturskattar, og forvaltar såleis ein omfattande og viktig kulturarv. Her må både det offentlege og private gå saman for å finne dei beste løysingane.
7. Utbetring og vedlikehald av vegar og bruer
Sunnfjord kommune er eigar av særs mykje veg og mange bruer. Veldig mange av desse er i dårleg stand. Sunnfjord Høgre vil jobbe for at fleire vegar og bruer får naudsynt oppgradering og oppklassifisering for næringstransport.
Trafikksikre løysingar, gang- og sykkelvegar og utbetring av flaskehalsar spesielt langs skulevegar, må også prioriterast.
8. Studentbyen Førde
Høgskulen i Vestland har om lag 1000 studentar på sjukepleie- og ingeniørstudia i Førde. Fagskulen Vestland har over 500 studentar i Førde og tilbyr tekniske- og industrifagutdanningar og har kurssenter for offentleg og privat næringsliv.
Det må vere attraktivt å studere i Førde. Skal vi lukkast med å oppretthalde arbeidsplassar, skape nye jobbar og utvikle tenestene i alle landets kommunar, er vi heilt avhengige av oppdatert kompetanse. Og for å sikre slik kompetanse, må ein gjere den meir tilgjengeleg, fleksibel og tilpassa dei ulike behova næringsliv og enkeltmenneske har. Difor er det viktig å utvikle Førde som studentby med fleire studium, studieplassar og studentbustadar. I tillegg bør kommunen jobbe for å tilby praksisplassar, sommar- og deltidsjobbar til studentane.
Sunnfjord Høgre sin ordførarkandidat
Anne Lilleaasen er vår ordførarkandidat for kommunevalet i 2023. Bli betre kjent med kven ho er og kva ho står for 👇
Finn ditt næraste vallokale
Du kan førehandsrøyste fra 10. august til og med 8. september. I denne perioden kan du røyste i vallokalar over heile landet. Sjå oversikt over lokale vallokalar og opningstider her:
Valdagen i år er måndag 11. september. På valdagen må du røyste i Sunnfjord kommune. Sjå oversikt over lokale vallokalar og opningstider her:
Hugs å ta med legitimasjon når du skal røyste. Godt val!