11 gode grunnar til å stemme Høgre i Sveio

1. Ein skule med trivsel og meistring

Me ynskjer at våre born og unge skal oppleva trivsel og meistring på skulen. Det er difor viktig at ein fangar opp utfordringar elevane må ha, før dei veks seg store og krevjande. Me ynskjer difor å jobba for at Sveioskulen skal ha tilgang på sosialfagleg kompetanse.

2. Fritidskort for born og unge

Me ynskjer å innføra fritidskort, slik at born og unge får moglegheit til å delta på minst ein organisert aktivitet, uavhengig av økonomien i heimen.

3. Fokus på kommunale avgifter og gebyr

Me vil prøva å finna kostnadseffektive løysingar som gjer at dei kommunale gebyra er konkurransedyktige sett opp mot nærliggande kommunar.

4. Sambuargaranti i eldreomsorga

Me ynskjer å leggja til rette for at ektefelle eller sambuar som ikkje fyller kriteria til sjukeheimsplass, likevel kan leiga seg inn saman med den som treng langtidsopphald. Me ynskjer med dette å ta vare på kjærleiken mellom dei eldre. Når ein har budd saman eit langt liv, har ein ei von om at det skal vara til døden – ikkje kommunen – skil ein ad.

5. Fritidsbustad til sjø

Me vil opne for bygging av fritidsbustader på eigna stader, også til sjø. Me ynskjer at ein skal kunne bygge fritidsbustadar i strandsona, der ein samstundes ivareteke allemannsretten.

6. Store tomter

Me ynskjer at ein kan leggje til rette for å skilje ut stor bustadtomter. Dei må vera så store at ein kan drive med ulike formar for fritidssysler, matauk, eller næring.

7. Eit betre kollektivtilbod

Både unge og eldre opplev det utfordrande å delta på aktivitetar i og utanfor kommunen. Me ynskjer difor å kartlegga behovet for kollektivtilbod i kommunen, og sjå på løysingar som svarar til dette.

8. Stabil skulestruktur

For elevane er skulen viktig både som sosial arena og at ein går ut med den nødvendige kompetansen for å kunne leva gode liv.

Å vera trygg på framtida i skulestrukturen er viktig for å oppretthalde kompetansenivå og kvalitet i skulane, samstundes som det er eit viktig grunnlag for positiv utvikling i fleire delar av kommunen.

9. Fleire læreplassar

Utan dyktige fagarbeidarar stoppar Noreg. For elevar som skal ut i lære er det viktig med stabile og gode læreplassar. Me vil difor sikra at kommunen tilbyr fleire læreplassar.

10. Sikra JA-kommunen

Me vil at kommunen skal gjere sitt beste for å forenkla, og betra kvardagen for innbyggarar og næringsdrivane. Det å vende seg til kommunen, uansett etat, skal verte oppfatta som ei positiv oppleving. Kommunen må vera løysingsorientert og alle planar som blir laga må vera så fleksible som råd er.

11. Realisering av viktige vegprosjekt

Sveio Høgre vil arbeida for å sikra realisering av viktige vegprosjekt, både på Ekrene/Rophus, Tjernagelvegen, FV47 og ny E39.