Politikk

Sveio Høgre arbeider for et levande lokalsamfunn basert på trygge og gode barnehagar og skular, eit godt helsevesen og gode omsorgsløysingar såvel heimebaserte som på institusjonar.

Våre hovedsaker

Handlekraft for framtida

Sveio skal vera ein positiv og serviceinnstilt kommune som det er lett å henvenda seg til. Sveio Høgre vil at Sveio skal opplevast som ein JA-kommune som gir innbyggjarane og næringslivet ein enklare kvardag.

Valfridom og verdighet

Innbyggjarane i Sveio skal utan omsyn til alder, oppleva verdighet og respekt i møte med kommunen. Sveio skal vera ein trygg og god kommune å leva og bli gammel i.

Kunnskap, trivsel og god oppvekst

Sveio Høgre ynskjer ein kunnskapsskule der kvar einskild elev får tilpassa utfordringar og muligheiter å strekkja seg etter, ut frå eigne føresetnader.

Mangfold og inkludering

Sveio Høgre vil at alle lag og organisasjonar som ønskjer for å realisere et anlegg for aktivitet, skal få høve til det. Sveio Høgre vil at kommunen skal utarbeide retningslinjer som gir støtte med inntil 30% av det anlegget kostar.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program