Levande bygder og eit attraktivt sentrum
Sveio Høgre har mange målme vil jobba for om me får lov å styre kommunen etter valet i 2019. Her ser dunokre av prosjekta me ynskjer å prioritera høgast i kommande periode. Dette erprosjekt me meiner vil væra viktige for at Sveio skal fortsette å utvikla segsom en attraktiv kommune
SVEIO HØGRE VIL:
- at Sveio vert oppfatta som ein JA-kommune. Aktørar som ynskjer å bidra til vekst og utvikling skal kjenna seg velkomne
- leggja til rette for vidareutvikling i heile kommunen
- utgreie og realisera ny idretts-/fleirbrukshall
- realisera eit badeanlegg innanfor kommunens økonomiske berekraft
- gjennomføra muleghetstudie for eit fengsel og klargjere tomt
- ferdigstille reguleringsplan for Rophusvegen og starte bygging
- vera ein pådrivar for å redusera eigedomskatten
- at kommunestyremøta skal strømmes til internett
- etablera eit eigedoms- og utviklingsselskap som skal «selja» Sveio
- ha sykkel og gangsti til skulane
- motverke einsemd blant unge og eldre i samarbeid med frivillige
- jobbe for gode innsamlingsordningar for plast og anna avfall
- styrkja arbeidet med opprydding av marin forsøpling og spesielt plast i sjø og sjønære områder