8 Grunner til å stemme Høyre i Time
Kjære veljar,
Eg går på jobb kvar dag for at Time skal utvikla seg og bli ein endå betre kommune. Det går veldig godt i det lokale næringslivet. Å ha ein jobb å gå til er viktig for kvar enkelt av oss, men også for at kommunen skal ha skatteinntekter og kunne tilby gode tenester. Me i Høgre er og vil alltid vera på lag med jobbskaparane.
1. God og verdig eldreomsorg
I dag er det god eldreomsorg og godt å bli gammal i Time. Time Høyre skal sikra at det også blir slik i framtida. Me veit at om 10 år blir det 80 prosent fleire innbyggjarar over 80 år. Dette er bra og dei aller fleste klarer seg sjølv utan hjelp og støtte frå kommunen. Likevel er det viktig at me utvidar tilbodet slik at dei som treng hjelp får den hjelpa dei har rett på.
Framover må me byggja nye institusjons- og omsorgsplassar, auka talet på dag- og aktivitetsplassar slik at me opprettheld den gode eldreomsorga også i framtida.
2. Oppretthalda god kvalitet i barnehagar og skular
Å veksa opp i Time skal vera trygt og godt. Då treng me gode barnehagar og skular med nok tilsette med god kompetanse. Me skal sikra vidareutdanning slik at det blir fleire kvalifiserte lærarar i skulen.
Tidleg innsats er viktig, derfor er styrkinga i 1-4 trinna viktig slik at alle elevar skal læra å lesa, skriva og rekna. Time Høyre ønskjer ein inkluderande og mobbefri skule med fokus på trivsel.
3. Ikkje innføra eigedomskatt
Time kommune har aldri hatt eigedomskatt på bustader og næring. Høyre er garantist for at det heller ikkje skal innførast eigedomskatt i neste periode. Time er ein veldriven kommune med god økonomi. Høyre vil styra kommunen på ein forsvarleg måte utan å påføra innbyggarane ei tilleggsrekning på fleire tusen kroner i året.
4. På lag med jobbskaparane
Å ha ein jobb å gå til er viktig for var enkelt mennesket, men også for samfunnet. Høyre vil spela på lag med jobbskaparane for å få fleire arbeidsplassar i kommunen. Dette skal me gjera ved å lytta og i samspel, utvikla næringslivet. Ledig areal for å veksa og for å få nye bedrifter til å etablera seg er avgjerande for vidare vekst.
5. Vidareutvikla Bryne som ein attraktiv by
Bryne var i 2022 finalist i kåringa av Noregs mest attraktive by. Det er et bevis på at Bryne har utvikla seg veldig positivt og me har ein levande og pulserande by. For Time Høyre er det viktig at me ikkje er fornøgde med dette, men at me held fram med å utvikla byen på Jæren. Me ønskjer fleire nisjebutikkar, vidare utvikling av M44, Storgata som gågate og støtta arbeidet til Næringsforeininga.
6. Framleis leggja til rette for frivilligheita i kultur- og idrettslivet
Dei siste åra har det skjedd mykje på anleggssida til idretten. Det har skjedd eit historisk idrettsløft i kommunen. Time Høyre ønskjer å vidareføre dette ved å støtta opp om frivilligheita.
Me ønskjer å auka den økonomiske støtta til lag og organisasjonar, auka driftsstøtta til anlegg, byggja ny symjehall, arbeida for eige bygg til Kulturskulen, meir-opne idrettshallar i feriar, ny fotballhall på Kvernaland og byggja fleire turstiar og leikeplassar.
7. Behalda den langsiktige jordvernsgrensa og etablera nydyrkingsfond
Forutsigbarhet er viktig for alle. Time Høyre ønsker å beholda på den langsiktige jordvernsgrensa og forutsigbare grenser. Dette gjer at me kan få nye bustader, nye næringslivsaktørar og at landbruket kan få utvikla seg vidare.
Frå 2019 har samla dyrka jord i Time auka med 350 dekar. Dette er fordi me har produktive bønder i Time som dyrkar og ønskjer å dyrka opp meir ny jord. Derfor ønskjer Time Høyre å setja av 1 million kroner som bøndene i kommunen kan søkja støtte frå til å dyrka ny jord. Dette vil stimulera til meir nydyrking og auka matproduksjon.
8. Auka ressursar til skulane
Timeskulen driv godt og har gode faglege og sosiale resultat. For å oppretthalde den gode Timeskulen ønskjer me å auka resursane til skulane. Samtidig vil me setja av pengar til fysiske og digitale hjelpemidla.