Bruk finevêret!

Dei siste to vekene er vi nok samstemte i har vore fantastiske, sjølv om nokon kanskje synes at temperaturen har gått nokre grader over komfortsona, men ei god dose D-vitamin gjennom sommarsola set vi pris på.

Mange har sjølvsagt nytta ei av dei fleire flotte badestrendene vi har i kommunen, og på slike dagar kjem behovet for god infrastruktur og sanitærforhold ved disse. Ulstein Kommune har noko og lære frå våre naboar over Eidet. Ikkje berre har dei etablert provisorisk parkering for alle badande, men kommunen ryddar også stranda for tang og søppel, både før og under badesesongen.
Det er viktig at vi tek omsyn til kvarandre når vi freistar badedrakta på slike flotte dagar. Bileta som vi har sett frå Roppesanden, tidlegare i veka er ikkje greitt.
Saman med Ulstein Høgre, og representantar frå fylket, tok eg valkampen til stranda med is og saft ein av dagane sist veke. Det var verkeleg godt og sjå at so mange nytta høve til strandlivet, og vi var innom Roppesanden, Ivafjøra og Osnessanden i Ulstein kommune. Vi fekk mange tilbakemeldingar om manglande toalett, også på den største strand, Osnessanden. Mange ser seg nøydde til å nytte toalettet på gravplassen, og det må seiast å ikkje vere tilfredsstillande tilbod. Vi voner at alt neste sommar kan vi få på plass sanitærområdet i høve badeaktivitetar ved Osnessanden.
Sidan det i budsjettet for 2018, vart løyvd pengar til sanitærbygg på Osnessanden, er eg skuffa over at prosessen rundt dette ikkje har kome lenger. Eg veit at det vært jobba med ein avtale og med litt tolmod, er eg sikker på det blir bra til slutt.
Ulstein Høgre ynskjer å prioritere opprusting av populære friluftsområder, men mange av desse er på privat grunn, så dialog med grunneigar er naudsynt. Vi ynskjer trygge parkeringstilbod, og kanskje kan mobile sanitæranlegg være et godt alternativ i bade- og turistsesongen.

Stian Lehmann Scheide
Ordførarkandidat Ulstein Høgre