Stian valgt til leiar for Høgre sin Bedriftskanal i Møre og Romsdal

Ordførarkandidat i Ulstein Høgre, Stian Skorgen Scheide, vart sist søndag valgt som leiar av Bedriftskanalen i fylket.

Nyvalt leiar i Bedriftskanalen i Møre og Romsdal, Stian Skorgen Scheide.

Møre og Romsdal Høgre hadde forrige helg årsmøte på Parken hotell i Ålesund. Der vart det vedtatt fylkespolitikk, stemt fram resolusjonar og kjende Høgre-profilar heldt foredrag om ulike tema.

I tillegg var fleire av posisjonane i fylkesstyret og tilhøyrande funksjonar på val. Mellom dei leiarvervet i Høgre sin Bedriftskanal i fylket.

Bedriftskanalen sitt mål er å etablere eit breitt nettverk ut mot næringslivet og å delta aktivt i vidareutviklinga av Høgre sin næringspolitikk. Bedriftskanalen skal sikre ei politikkutvikling som er forankra i verkelege løysingar på verkelege problem for både næringslivsaktørar og jobbskaparar.

Som leiar i Bedriftskanalen skal Stian jobbe som eit bindeledd mellom næringslivet og politikarane i Høgre, og legge til rette for samarbeid mellom desse gruppene. God og gjennomtenkt næringspolitikk treng innspel frå nettopp både næringslivet og politikken.

Vi gratulerer Stian med vervet!