Stian Skorgen Scheide vald som Ulstein Høgre sin ordførarkandidat

Ulstein Høgre valde samrøystes Stian Skorgen Scheide som partiet sin ordførarkandidat under medlemsmøte tysdag 28. april.
Partiet ønskjer med dette å føre vidare ei stødig og samlande leiing av kommunen inn i kommunevalet 2027.

Ordførar 2023-2027 og Ordførarkandidat 2027-2031 for Ulstein Høgre; Stian Skorgen Scheide

– Stian har vist at han kan leie Ulstein gjennom ei krevjande periode. Han har bygd brei tillit, vore open og tilgjengeleg for innbyggjarane, og samarbeidd godt på tvers av partigrenser i kommunestyret, seier leiar i Ulstein Høgre, Stig Ole Borgundvåg.

I inneverande periode har kommunen fått betre kontroll på økonomien, meir føreseielege budsjett og tydelegare politisk styring. Samtidig er det teke viktige grep innan oppvekst, helse og omsorg, noko som har gjort Ulstein betre rusta for framtida.

Stian Skorgen Scheide takkar for tilliten.

– Eg er takksam for den tilliten Ulstein Høgre viser meg. Dette er ei tillitserklæring eg ikkje tek for gitt, og eit ansvar eg tek på største alvor. Saman med eit sterkt lag vil eg halde fram arbeidet med å utvikle Ulstein som ein god stad å bu, arbeide og leve. Vi har teke viktige steg dei siste åra, og eg er motivert for å stå på vidare til beste for innbyggjarane våre, seier Scheide.

– Eit tidleg og samrøystes val er eit klart uttrykk for tillit. Ulstein Høgre er nøgde med kursen kommunen er inne på, og vi har stor tru på Stian som ordførar også i åra som kjem, avsluttar Borgundvåg.

Foran; Stian Skorgen Scheide.
Rekke 2 f.v. Berit Overvåg Hjorth, Stig Ole Borgundvåg (Leiar Ulstein Høgre), Steven Pushparajah Karunasamy.
Rekke 3 f.v. Wenche Johanne Holstad Jøsok (Leiar Hareid Høgre), Egil Ulfstein, Linda Rud, Oscar Overvåg Tafjord, Erlend Eidem, Ole Sønderby Kristensen, Hans Petter Thoresen Ulstein, Rune Leine-Dimmen