Stian Skorgen Scheide innstilt som ordførarkandidat i Ulstein
Nominasjonskomiteen i Ulstein Høgre innstiller samrøystes på Stian Skorgen Scheide som ordførarkandidat for perioden 2027–2031. Endeleg val av kandidat skjer på nominasjonsmøte 28. april.

Nominasjonskomiteen i Ulstein Høgre innstiller samrøystes på Stian Skorgen Scheide som ordførarkandidat for perioden 2027–2031. Endeleg val av kandidat skjer på nominasjonsmøte 28. april.
Nominasjonskomiteen i Ulstein Høgre har handsama innspel frå medlemsmassen og går samla inn for å peike på Stian Skorgen Scheide som partiet sin ordførarkandidat for fire nye år. Alle medlemmar som har meldt inn forslag til komiteen, har tilrådd same kandidat.
– Stian har bidrege til ei konstruktiv og samlande leiing av kommunestyret. I ei tid med krevjande kommuneøkonomi har han vore tydeleg på utfordringane, samstundes som han har arbeidd for løysingar til beste for heile Ulstein kommune. Prioriteringane har vore vanskelege og tidvis krevjande å samle brei semje om, men mykje av politikken til Ulstein Høgre kan sporast att i dei resultata som er oppnådde, seier leiar i nominasjonskomiteen, Håvard Stave.
Vidare peikar komiteen på at Scheide er ein ordførar som stiller opp for heile kommunen.
– Stian er ein synleg og inkluderande ordførar, og ein god ambassadør for Ulstein. Vi er overtydde om at han er rett person til å leie kommunen også i neste periode, avsluttar Stave.
Ulstein Høgre held nominasjonsmøte for val av ordførarkandidat måndag 28. april kl. 18.30 på Ulstein rådhus.
Nominasjonskomiteen i Ulstein Høgre består i år av Håvard Stave, Linda Rud og Berit Overvåg Hjorth.