7 Gode grunnar for å stemme Høgre i Ulstein
Vi vil skape ei effektiv og tilgjengelig kommune for alle. Vi skal vere ei JA-kommune!
Det skal vere kvalitet og nok varme hender i helsevesenet, og vi skal skape ei kommune som sikrar barna våre ei god framtid.
Ulstein Høgre skal fortsette arbeidet med å fjerne eigedomsskatten!
1 ) Moglegheiter for alle
Ulstein Høgre vil vidareutvikle Ulstein som ein attraktiv bo- og arbeidskommune. Vi har trua på Ulstein kor vi slepp alle gode krefter til , og framstår som ei tydelig JA-kommune. Ulstein Høgre vil seie ja til nye gode idear og nye løysingar for korleis vi kan vere attraktive for både næringsliv og familier i etableringsfasen.
2) Ein trygg og god skule med læring
Ulstein Høgre vil ha ein skule med kvalitet og kunnskap, der alle elevar har like moglegheiter og føresetnader til å lukkast. Vi må ha en skule der innsatsen blir satt inn tidleg nok slik at fleire elevar kjenner læringsglede. Ulstein Høgre vil prioritere etter- og videreutdanning av lærarar. Vi skal vere ein aktiv skuleeigar som utfordrar og ved behov omdisponerer budsjetta
i skulen for å sikre at vi brukar ressursane rett i forhold til resultat. Vi skal sjølvsagt ha nulltoleranse for mobbing, og skal kvar dag jobbe for at Ulstein Kommune sine skular skal være blant dei beste i landet! Å stille krav er å bry seg.
3) Det skal være godt å leve heile livet i Ulstein
Ulstein Høgre vil prioritere kvalitet innan helse og omsorg, samt at vi skal jobbe for at grunnbemanninga i eldreomsorgen blir styrka.
I 2030 har vi nesten 1500 eldre i Ulstein, og derfor må vi i tida framover tenke nytt og kreativt saman med erfaringa kommunen har for å sikre at vi klarer å oppretthalde og forbetre tenestane som innbyggarane treng, i alle faser av livet. Alle innbyggarane skal oppleve at dei får gode helse- og omsorgs-tenester når dei treng det. Det handlar blant anna om å ha valgfriheit, bli behandla med omsorg, respekt og verdigheit, samt at dei eldre får gode måltid, aktivitet og fellesskap.
4) Rask psykisk helsehjelp
Ulstein Høgre vil ha et krafttak innan psykisk helse. Du skal få hjelp når du trenger det, før små problemer vokser seg store. Vi må styrke lavterskeltilbudene, slik at vi fanger opp alle som trenger hjelp – i alle aldrar. Køene skal ned, og det klarer vi ved å ta alle gode krefter i bruk.
5) Alle barn og unge skal kunne delta på fritidsaktivitetar
Ulstein Høgre vil spele på lag med dei etablerte lag og organisasjonar. Eit godt kulturtilbod er viktig for å skape bulyst, og for å gjere kommunen attraktiv for både oss som bur her i dag, og for at nye skal busette seg her. Frivillig innsats bidreg til eit rikare lokalsamfunn og betyr mykje for kvart einskild menneske. Kommunen bør så godt det let seg gjere, – støtte ulike tiltak som bidreg til fysisk aktivitet for innbyggarane våre.
6) Ei næringsvennleg kommune
Ulstein Høgre vil spele på lag med, og ha en tettare dialog med næringslivet som skaper verdiar, samfunnsutvikling og spanande arbeidsplassar i regionen vår. Vi vil satse på auka digitalisering av eigne tenester for å sikre raskare sakshandsaming og forutsigbarheit.
Ulstein Høgre vil jobbe for god og sikker regional samferdsel og trafikkavvikling som gjer det attraktivt å kunne bu i Ulstein uansett om man jobbar i Ulstein eller andre nærliggande kommuner.
7) Ansvarlig økonomisk styring
Ulstein Høgre vil arbeide for å fjerne eigedomskatten i Ulstein kommune. Det er viktig at kommunen samarbeider med næringslivet for å legge til rette for auka aktivitet og inntekter på lengre sikt.
Kommunen må samtidig jobbe for å redusere sine kostnader, og vi vil fortsette å utforde drifta til kommuna. Det er viktig å ha balanse mellom inntekter og kostnader, men kommunen skal ikkje legge unødig bør på skuldrane til innbyggarane og næringslivet.