10 grunnar til å stemme Høgre i Vindafjord

1. Vera ein JA-kommune

Vindafjord Høgre vil sørge for at begrepet «Vi er til for innbyggjarane våre» vert løfta fram i kommuneorganisasjonen. Og sørge for at næringsliv og  innbyggjarane i kontakt med kommunen møter ei gjennomgåande positiv og tenestevillig haldning. Me skal bli kjent som ein «JA-kommune» som også vil tiltrekkja seg nye innbyggjarar og ny verksemd.

2. Gratis SFO

Me vil at at alle barn og unge skal ha trygge og gode oppvekstvilkår med like moglegheiter. Høgre vil at du skal vera sjefen i eige liv. Me verdset difor fleksible og tilpassa tilbod, slik at du kan bestemma kva som er best for deg og din familie.

3. Høg kvalitet i skulen med gode skulemiljø 

For oss i Vindafjord Høgre er det viktig at alle barn opplev meistring og læringsglede innanfor trygge og gode oppvekstmiljø. Me vil ha ein skulestruktur som sikrar god fagleg kvalitet og eit godt læringsmiljø for både barn og tilsette.

4. Vera ein kommune med godt servicenivå og effektiv drift.

Vindafjord skal vere ein kommune med godt servicenivå, effektiv drift og økonomisk handlingsrom. Arbeida for godt leiarskap, eit betre arbeidsmiljø og lågare sjukefråvær.

5. Fyrstegongsetablerarar får fritak frå eigedomsskatt dei første 5 åra

Vindafjord Høgre vil leggja til rette for at dei som bur i kommunen trivest der, og at fleire buset seg i Vindafjord. Vindafjord Høgre vil at kommunen skal ta eit større ansvar i å tilretteleggja bustadtomter gjennom byggjefelt, husklynger og enkelttomter. Det må spesielt leggjast til rette for førstegongsetablerarar og for sentrumsnære butilbod for innbyggjarar som treng eller vil trenge omsorgstenester frå kommunen.

6. Ein aldersvenleg kommune med fokus på helseførebygging

Personar over 70 år skal få tilbod om besøk i heimen for avklara kva ein treng gjera for å bu heime lenger, og samtidig få gode råd om førebyggjande helsetiltak. For å klare dette må me ha eit samarbeid  med andre kommunar eller leige av tenester må vurderast for å kunna gi eit forsvarleg helsetilbod.

7. Vera ein del av ein sterk og samstemt Haugalandsregion med Ølen som eit naturleg regiondelsenter 

Vindafjord Høyre meiner dette arbeidet må fortsetja i åra framover, for å få ein meir framtidsretta og robust struktur, som i større grad samsvarar med ein felles bu- og arbeidsmarknad.

8. Sikra attraktive bolig- og næringstomter

Vindafjord Høgre vil at kommunen må også ta eit større ansvar i å tilretteleggja bustadtomter gjennom byggjefelt, husklynger og enkelttomter. Det må spesielt leggjast til rette for førstegongsetablerarar og for sentrumsnære butilbod for innbyggjarar som treng eller vil trenge omsorgstenester frå kommunen.

9. Jobba for realisering av ny E134

Vindafjord Høgre vil arbeide for auka løyvingar til samferdsle slik at E134, parsellen Bakka-Solheim kan ha framdrift. Vi ønskjer også utbetring av dei dårlegaste parsellane på riks- og fylkesvegane, spesielt gjelder dette krysset i Ølen sentrum mellom Eiodalen/E134/Ølen sentrum.

10. Kommunen skal støtta opp om frivillig arbeid og tilby gratis saksbehandling for frivillige lag og organisasjonar

Ingen i Vindafjord skal kjenna seg einsame og dei som treng det skal få hjelp – Frivillighetssentralen må koordiner dette arbeidet. Frivillige lag og organisasjonar tar ein stor del av ansvaret for velferda i kommunen. Desse skal i større grad få høve til å påverka utviklinga i kommunen gjennom dialogmøter.