Aktivt samarbeid med næringslivet og institusjonane våre
Gode lokalsamfunn krev arbeidsplassar og sterke bedrifter. Det er sentralt for vår velstand.
Vår plattform | Volda Høgre |
Volda Høgre vil alltid legge til rette for at nye jobbar vert skapte. Vi lyttar til dei behova bedriftene har – innan alle næringar og alle delar av kommunen – og kjem med konkrete løysingar på korleis kommunen kan bli meir næringsvenleg, anten det handlar om å få tilgang på kvalifisert arbeidskraft, areal eller ei mer effektiv sakshandsaming. Vi skal aktivt spele på lag med dei store og viktige institusjonane våre, slik som sjukehuset, høgskulen, vidaregåande skule og andre. Landbruk er ei sentral næring i fleire delar av kommunen. Lønsemda er under press, og rekruttering har vore vanskelig gjennom lang tid. Høgre støttar opp under landbruket med å legge til rette der kommunen kan gjere det. Høgre arbeider på alle plan og område for føreseielege forhold for næringsdrivande, også når det gjeld skattlegging. | Volda Høgre vil at Volda kommune skal være ei næringsvenleg kommune som legg godt til rette for privat næringsliv – innan alle næringar. Volda Høgre vil at Volda kommune alltid skal planlegge slik at vi har tilgang på næringsareal. Volda Høgre tek ikkje lett på miljøutfordringar som kjem av næringsverksemd. Vi vil ha ein klimapolitikk som bidreg til å kutte utslepp, men ikkje stoppe utviklinga. Vi går inn i problemstillinga og finn løysingar saman med den som vil. Sjukehuset, Høgskulen og den vidaregåande skulen er nøkkelverksemder som vi legg til rette for, heiar på og samarbeider med på proaktivt vis. Volda har blitt ei stor landbrukskommune og vi må tilpasse tenestene til dette. Høgre er positive til alle initiativ som kan halde landbruket levedyktig og berekraftig. Volda Høgre støttar den aukande reiseliv, overnatting-, serverings- og utelivsbransjen og vil prioritere tilrettelegging for desse. Vi nyttar eit kvart høve til å formidle til alle kor viktige bedriftene – store og små – og dei sentrale institusjonane er i samfunnet vårt. Volda Høgre i posisjon vil vitalisere det praktiske samarbeidet mellom kommunen, organisasjonane og bedriftene. |