Administrasjonskostnadane i Volda kommune er for høge
Mellom anna i sakene om servicekontor på Grodås og Årsrapport 2022 peikar kommunedirektøren sjølv på at administrasjonskostnadane i kommunen er for høge. Volda Høgre trur at dette er ei vesentleg meir omfattande sak enn berre eit spørsmål om servicekontor på Grodås.

Ser vi på Volda kommune sine driftskostnader pr innbyggar til administrasjon, så ligg kommunen vår heile 30% over samanliknbare kommuner. Det som kanskje er endå meir overraskande, er at tendensen går i feil retning sidan etableringa av nye Volda kommune.
Vi samanliknar oss ofte mot Ørsta og der ser vi om lag akkurat same forhold. Ser vi på andre samanliknbare kommuner i regionen, så ser vi same bildet. Unntaket er Stryn som ligg om lag på Volda sitt nivå, medan Vanylven – som vel eigentleg ikkje er samanliknbar – driv endå dyrare enn Volda.
Administrasjonen kan heilt sikkert fylle ut dette bildet og gjere det meir nyansert.
Volda Høgre vil advare mot å tenke at dette er nokon bestemt del av kommunen eller kommuneadministrasjonen sitt ansvar. Volda kommune er ein veldriven kommune. Alle partar, inkludert politikarar, må vere villige til å erkjenne overforbruket til administrasjon, vurdere saman kva vi må gjere, og så treffe tiltak i godt samarbeid og over tid. Godt samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar er etter vårt syn sjølvsagt i slike prosessar. Slik det er no, er det rett og slett ikkje berekraftig for kommunen. Det kan sparast fleire millionar på dette området dersom kommunen greier å drive administrasjon til kostnaden samanliknbare kommuner gjer det.