Barnehagar og skular – til barnet og eleven sitt beste
Alle born og elevar skal ha fått moglegheita til si beste utvikling gjennom barnehage og grunnskule i Volda kommune. Alle elevar skal kunne lese, skrive og rekne på sitt beste når dei går ut av skulen.
Vår plattform | Volda Høgre |
Born og elevar som treng hjelp må fangast opp tidleg. Det vil gi mindre fråfall og mindre utanforskap. Volda Høgre vil at alle skal kunne fullføre vidaregåande opplæring. Målet er at innan 2030 skal minst 9 av 10 elevar fullføre videregåande opplæring. Grunnlaget vert lagt i grunnskulen. For å nå ambisjonane, må vi lytte til og satse på pedagogane. Læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for elevar si læring. Dei må få tid til å sjå kvar enkelt elev slik at dei kan gi tilpassa undervisning. Endringar i skulen må skje i nært samarbeid med leiarane og pedagogane. Kommunen sin Oppvekstplan sektor Oppvekst 2022-2027 ligg mellom anna til grunn for området. | Volda Høgre vil prioritere å ha overordna og dynamiske planar på området som vi faktisk arbeider etter. Det er ei målsetting å oppretthalde barnehage- og skuletilboda så nær heimen som mogleg, særleg for dei yngste. I dei tilfella der endring eller nedlegging av barnehage- eller skuletilbod må vurderast, skal borna og elevane sitt beste og kvaliteten i tilbodet vektleggast sterkare enn kommunen sin økonomi. Volda Høgre legg til grunn nasjonale normer for bemanning i barnehage og skule. Vi er positive til dei eksisterande privateigde aktørane vi har innan barnehage og skule i kommunen. |