Ei aktiv kommune som spelar på lag med deg

Vi må alle ta ansvar for at vi har god utvikling i  Volda kommune.

Vår plattformVolda Høgre
Kommunen er ein svært viktig tilretteleggar for all aktivitet i kommunen.

Volda Høgre vil at kommunen skal vere i forkant med planverk som legg til rette for samfunnsutvikling i Volda.

Volda Høgre vil at kommunen skal ha ei positiv grunnhaldning til initiativ som skapar utvikling og framgang i Volda.

Volda Høgre er særleg positiv til frivillige lag og organisasjonar som tek initiativ til samfunnsutviklinga i stort og smått.
Når du vender deg til kommunen med ei sak, skal du få svar.

Du skal kunne vente å få “ja” til svar når du spør, men det kan vere at du vil få “nei”. I så fall skal du få ei god og grei forklaring på kvifor du ikkje vart imøtekomen og gode råd til kva du kan gjere annleis.

For at kommunen skal kunne spele på lag med deg, må du ha vilje til å spele på lag med kommunen.

Kommunen skal vere aktiv og kan ta eigne initiativ saman med andre med sikte på å skape utvikling. 

Lokaldemokrati vil vi ha, og demokrati veit vi at av og til tek litt lenger tid.