Ei stødig driven kommune med  valfridom

Volda Høgre står for langsiktig tenking og stødig styring av kommunen på alle felt.

Vår plattformVolda Høgre
Stødig styring vil kreve at vi må prioritere – noko kan prioriterast, medan anna må prioriterast ned.
 
Volda Høgre vil alltid gjere sitt beste til å forklare innbyggarane om prioriteringar ein må gjere og kvifor det må prioriterast slik. Ærleg og sakleg forklaring av fakta er sentralt i Høgre.

Vi bryr oss meir om kvaliteten i tenestene enn kven som driv dei. Vi skal alltid sikre at tilsette har ordna arbeidsvilkår.

Du skal i prinsippet ha fridom til å velge barnehage, vidaregåande skule, sjukeheim, heimehjelp og behandlingsalternativ sjølv.
God styring over tid gir handlefridom til å løyse saker vi vil prioritere.
 
I godt samarbeid med administrasjonen vil Volda Høgre syte for stødige politiske prosessar der viktige avgjerdsler vert tekne så samstemt som mulig slik at det vert solide fleirtal med aksepterte og varige løysingar.

Volda Høgre sin ambisjon er at Volda kommune skal drivast minst så effektivt eller betre enn samanliknbare kommuner. Volda kommune er godt driven – kvifor ikkje vere litt ambisiøse på eigne vegne?

Drift på nivå med eller litt betre enn andre kommuner, kan gi handlingsrom til å prioritere opp det vi vil ha meir av.