Eit parti som bind sentrum og bygdene saman

Samhald vert skapt av oss som bur i Volda kommune.

Vår plattformVolda Høgre
Vi har fleire døme over heile kommunen på korleis vi kan skape flotte løysingar saman.

Gode vegar og kollektivløysingar er viktig for at folk og varer skal kome raskt og trygt fram.
 
Det handlar også om å bygge større bu- og arbeidsmarknad, som gjer at folk kan jobbe og bu der dei vil. Derfor vil Høgre bygge og vedlikehalde flere vegar og styrke kollektivtransporten som alternativ til bilen.

Vi vil støtte opp om arbeid med å ta vare på kultur og tradisjonar.
Medviten bruk av kulturarven vår kan generere positiv aktivitet for heile kommunen og kommunen har etablert eit godt planverk for dette gjennom kommunedelplan.

I tillegg skal vi ha godt samarbeid og konstruktive samtalar med nabokommunene våre.
Stemninga og ånda i intensjonsavtalen som vart inngått då dagens Volda kommune vart etablert skal framleis leggast til grunn i måten vi driv heile kommunen på.
 
Innbyggarane i Volda skal ha god informasjon om og tilgang til kommunale tenester, fysisk eller digitalt, i heile kommunen.

Vedlikehald av kommunale vegar skal ha høg prioritet.

Ferdigstilling av reguleringsplan for E39 Voldatunnelen skal prioriterast.

Vi skal påvirke og samarbeide godt med ansvarlege mynde for andre samferdselsområde om Ørsta-Volda Lufthamn, om ferjetilbodet på Voldsfjorden, om utbygging av FV60 Grodås-Hellesylt, strekninga E39 Byrkjelo-Svarstad-Grodås, ny RV15 over Strynefjellet med arm til Geiranger, og andre viktige fylkesvegar og fjordkryssingar.

Volda Høgre vil prioritere tiltak for trafikktryggleik og mjuke trafikantar, slik som såkalla hjartesoner rundt skular, fotgjengarfelt, veglys osv.