Eit rikhaldig kultur- og fritidstilbod til alle

På fritidsaktivitetar møter ein vener, har det gøy saman med andre og får viktige erfaringar.

Vår plattformVolda Høgre
I dag er det ikkje alle born og unge som får muligheit til å bli med. Det er sårt å vere den eine som står utanfor fordi familien ikkje har råd. Det skal Høgre gjere noko med.
 
Med ei aukande gruppe eldre er det også behov for tilrettelegging av fritidsaktivitetar for godt vaksne og eldre.

Vi har – og vi må ha – allsidige fritidstilbod som gir moglegheiter for alle interesser.
 
For Volda Høgre er frivillig lag og organisasjonar heilt sentrale i eit velfungerande kultur- og fritidstilbod.

Det er for mange born som veks opp i lavinntektsfamilier. Vi må vurdere eit planverk for å systematisk vis forbetre situasjonen i kommunen.
Volda Høgre vil at alle skal ha råd til å delta på minst ein fritidsaktivitet, og vil sjå etter konkrete løysingar for dette.

Vi vil foreslå at kommunen vidarefører Fritidskonto og/eller utviklar eit Opplevelseskort til bruk for dei som treng økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.

Volda Høgre vil ha moglegheiter for alle og vil støtte aktivitetar, interesser og lokasjonar som er små i omfang, mindre synlige og/eller med færre aktive. Vi treng alle.

Fotball, handball og volleyball er store klubbar med mange aktive, mange frivillige og vind i segla. Dette er, har vore og vil vere viktig framover for Volda og Høgre støttar desse.

Frivillig arbeid er ein berebjelke i lokalsamfunna våre som vi vil stimulere og vise i praksis at vi treng dei og set stor pris på dei.