Førebygging, tidleg innsats og rask psykisk helsehjelp

Førebygging av helsevanskar er eit satsingsområde for Høgre.

Vår plattformVolda Høgre
Rask innsats når behovet er der er avgjerande for å unngå langvarige verknader. 

Når situasjonen er der i dag, så er tersklane for høge og ventetida er for lang. Du skal få hjelp når du treng det, før små problem får vekse seg store.

Vi må satse på gode og lett tilgjengelige tilbod med kort ventetid, utan krav om tilvising frå legen. 
Volda Høgre vil difor ha fleire lavterskeltilbod og fleire psykologar.

For å nå ambisjonane må vi stimulere god tverrfagleg samhandling og godt samarbeid med dei andre tenesteområda i kommunen.

Volda kommune sin Kommunedelplan helse- og omsorg 2022-2034, kapittel Rus- og psykisk helseteneste, ligg mellom anna til grunn for arbeidet.
Psykiske helseproblem er aukande. Dette krev at vi får til eit breidt politisk forlik i kommunen om å ha nok kapasitet og kompetanse som er nær dei som treng det.

Vi leitar etter moglegheiter for å frigjere ressursar slik at vi kan utvide og gjere lettare tilgjengeleg viktige tenester slik som psykologtenesta, skulehelsetenesta og PPT-tenesta.

Volda Høgre vil at kommunen skal søke på Helsedirektoratet si lavterskelordning “Rask psykisk helsehjelp”.

Det er fleire gode miljø og initiativ i Volda kommune som vi vil stimulere til å halde fram, inkludert i dette også miljøarbeidarar i skulen.

Vi har sterk tru på tverrfagleg samarbeid og vil stimulere til dette.

Ungdata må gjennomførast planmessig. Det bør vurderast om Volda skal verte MOT-kommune igjen.