Gode bu- og oppvekstmiljø

Alle innbyggarane i Volda kommune skal ha moglegheit til å etablere seg i den delen av kommunen dei ønsker.

Vår plattformVolda Høgre
Innbyggarane i Volda kommune skal ha moglegheit over tid til å eige sin eigen heim.

Det er ei målsetting for Volda Høgre å gjere kvardagen enklare for den enkelte og for familier. Dette inkluderer også at tenestene ideelt sett skal vere tilgjengelege så nær bumiljøa som råd. 

Volda Høgre er positiv til alle former for tiltak i nærmiljøa i både privat og offentleg regi som stimulerer til aktivitet, trivsel og folkehelse. 

Når interessene står mot kvarandre, må viktige landbruksområde vernast mot bygging, og enkelte område bør vernast mot utbygging av miljøomsyn, særleg gjeld dette myrområde og vassnære område.

Volda Høgre vil ha ein klimapolitikk som bidrar til å kutte utslepp, men ikkje kutte i utviklinga, verken for innbyggarane, næringslivet eller kommunen sjølv. 

Høgre vil gjere det lettare å velge miljøvennlig, anten det er å betre kollektivtilbodet der du bur eller gode energiløysingar i heimen.

Store delar av planverket i kommunen, overordna og detaljert, gir sentrale premissar for å få gode bu- og oppvekstmiljø.
Vi har alle eit ansvar for å skape gode bu- og oppvekstmiljø.

Målsettinga er at det skal vere tilgjengelege tomter i alle delar av kommunen.
 
I sentrumsområda skal det alltid vere tilgang på tomter.

Volda Høgre har ei positiv innstilling til spreidd busetting på bygdene. 

Volda Høgre vil stimulere frivillige lag, organisasjonar og enkeltpersonar og deira bidrag til gode bumiljø.

Volda Høgre rosar og vil framleis rose  det gode arbeidet som er gjort med tilrettelegging for frilufts- og fritidsaktivitetar fleire stader i kommunen. 

Volda Høgre er på enkelte vilkår positive til turveg rundt Rotevatn når dette kan gjennomførast med ei miljø- og landbrukstilpassa regulering, avtalar med grunneigarar og innanfor eit akseptabelt budsjett. 
 
Volda Høgre vil at kommunen som innkjøpar og brukar skal vere miljøvenleg.