Norunn Lindvik Velsvik

Alder60 år (1963)
BurØvre Rotset, Volda sentrum
SivilstatusGift, tre barn og fem barnebarn
BakgrunnNorunn er oppvaksen i Bremanger, og har budd i Volda sidan 1983.
UtdanningLærar og leiing, Høgskulen i Volda
JobbRektor
ArbeidsstadHerøy kommune
FritidsaktivitetarEg er mykje i lag med familie og vener. I helgar og feriar blir det ofte turar i skog og mark, fjellturar og mykje båtliv. Mannen min og eg liker å reise. Vi har gjerne både storbyar, eksotiske og varme strok som reisemål. Når eg er heime trivast eg godt på kjøkenet, og i godstolen med eit strikk i hendene. Eg er glad i å lese, og kosar meg mest med gode bøker når eg har ferie.
Kvifor kommunepolitikar?Dei viktigaste tenestene i kommunen ligg innanfor utdanning og helse. Eg er oppteken av det beste for både barn og unge, og gamle. For å lukkast med det treng vi engasjement, samhandling, erfaringar og kompetanse. Eg meiner eg kan bidra med noko av dette, og tenkjer det er viktig å delta i prosessar som kjem innbyggarane til gode.
Kvifor Høgre?Høgre er eit parti som er stort nok til å kunne påverke. Vi har gode lokale politikarar i partiet.