Synnøve Berg-Rusten Grevstad
Alder | 43 år (1980) |
Bur | Volda sentrum |
Sivilstatus | Sambuar, to born |
Bakgrunn | Synnøve er oppvaksen i Volda |
Utdanning | Barnehagelærar, Høgskulen i Volda |
Jobb | Pedagogisk leiar |
Arbeidsstad | Folkestad Barnehage |
Fritidsaktivitetar | Lese bøker, strikke, fjellturer og turer i skog og mark, familien, speider, organisere og rydde, frivillig arbeid, venner, trening. Selgar for Tupperware |
Kvifor kommunepolitikar? | Eg ville lære meir, engasjere meg og gjere Volda til ein bedre plass å bu, samt treffe nye engasjerte folk som eg kan lære meir av |
Kvifor Høgre? | Alle parti vil mykje det samme med ulike måter å komme dit på. Først og fremst liker eg menneska som er her. Det er eit parti med gamle og unge, arbeidstakerar og uføre, folk som jobber i staten og folk som jobber privat – det er et parti for alle. Det aller viktigste syns eg er barnehage og skulepolitikken til Høgre. Ein skule tilrettelagt for alle, også for dei som ikkje er teoretisk «flinke», og at dei vil ha meir yrkesfag inn i skulen. Det er eit parti som ser både dei som jobber i stat og dei som jobber privat, og at vi skal jobber meir sammen for å få ett bedre tilbud til kvar enkelt. Høgre jobber og for eit betre skattesystem som gjer at vi sit igjen med meir av løna vår, noko eg trur blir viktig framover med auka prisar/renter/levekostnader. På kommunalt nivå likar eg at her er takhøyde for at vi er ulike og uenige i nokre saker, men at vi kan diskutere det rolig og saklig. Vi er ulike som menneske og det er takhøgde for at vi er ulike. Born og oppvekst er viktig for meg og lokalt vil me jobbe for ein betre skule der ein ser kvar enkelt elev. Jobbe for betre psykisk helsevern, og at alle barn skal få ha muligheit til å gå på ein fritidsaktivitet. Eg brenn for at barn skal ha det bra og at alle skal ha ein god og trygg barndom. |