Gode helsetenester og ei trygg eldreomsorg

Eldre som mottek tenester skal oppleve tryggheit, trivsel og kvalitet i tenestene, uavhengig om det er heimebasert eller institusjonsbasert.

Vår plattformVolda Høgre

Institusjonane skal vere ein stad for å leve eit godt liv med aktivitet og fellesskap, ikkje berre ein opphaldsstad for behandling og pleie.

Helse- og omsorgstenestene i kommunen har ansvar også for andre viktige grupper av pleie- og omsorgstrengande. Prinsippa om tryggheit, trivsel og kvalitet i tenestene, gjeld også for desse gruppene.

Volda Høgre er innforstått med at vi har ein aukande del av eldre i befolkninga. Vi må difor frigjere og sikre ressursar til å kunne yte naudsynte tenester til fleire.

Fastlegeordninga har utfordringar som går langt utover Volda kommune. Volda Høgre vil ha aktivt samarbeid med alle politiske parti og administrasjonen for å sikre at denne grunnsteinen i helsetenestene våre fungerer.

For å nå ambisjonane, må vi lytte til, stole på og satse på leiarar og tilsette i tenestene. Endringar i tenestene må skje i nært samarbeid med dei som yter tenestene.
Volda kommune sin Strategiplan Leve heile livet 2022-2034 og Kommunedelplan helse- og omsorg 2022-2034 ligg til grunn for arbeidet.
Volda Høgre vil prioritere å ha overordna og dynamiske planar på området som vi faktisk arbeider etter. 
 
Vi vil vidareføre og vidareutvikle opne brukar- og pårørandekartleggingar som del av forbetringsprosessane.

Trygg eldreomsorg skal starte tidlig i folk sine liv, legge godt til rette for den enkelte, baserast på heimar så lenge som mulig og gi den enkelte valfridom der det er mulig. 

Det er ei målsetting å oppretthalde strukturen på institusjonsplassar og omsorgsbustadar i kommunen. 

Volda Høgre meiner at kommunen skal legge til rette for fleire og rimelege bustader tilpassa eldre og andre med behov, gjerne i moderne former for bufellesskap.

Ved heimebasert omsorg må vi unngå for hyppig skifte av personell. Kjende personar og kjende rutiner er med på å skape tryggheit.

Legge til rett for aktivitets- og fritidstilbod for ulike interesser. 
Volda Høgre vil støtte og halde fram initiativa for faste stillingar, høgare stillingsdelar og etterutdanning etter behov.

Det gode samarbeidet med sjukehuset må halde fram og stimulerast.

Volda Høgre støttar frivillige organisasjonar og andre private tilbod som kan gi større moglegheiter og større valfridom for den enkelte.