Vi arbeider for at du skal behalde meir av eiga inntekt og eigne verdiar

Eigedomsskatt og kommunale avgifter skal haldast nede så langt råd.

Vår plattformVolda Høgre
Når det meste blir dyrare og renta aukar, må politikarar prioritere betre framfor å automatisk auke skattar og avgifter.
 
Dine skattepengar skal brukast på ein klok måte.

Vi vil verne om eigedomsretten din. Vi kan  akseptere å gripe inn i den private eigedomsretten, men dette skal vere unntaket og det må vere grunngjeve i sterke allmenne interesser i kvar enkelt sak.
Volda Høgre si målsetting er å halde eigedomsskatten på dagens nivå i komande periode.

Veksten i kommunale avgifter skal ikkje auke utover prisstiginga målt ved konsumprisindeksen utan at det har ei konkret forklaring.

Vi bør vurdere om avskrivingstider kan utvidast på sjølvkostområda.
Volda Høgre vil ha kontinuerlig fokus på at kommunen vår er effektivt driven samanlikna med andre kommuner.