7 gode grunnar til å røyste Høgre i Voss herad
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/07/Voss-sauer-bilde-fra-Iril-scaled.jpg)
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/08/Iril-juni-2023-4.jpg)
Me er best saman
Me i Voss Høgre vil at alle, både unge og eldre, skal ha ein trygg og god kvardag, med mangfald og valmoglegheiter. Høgre står for trygg økonomisk styring – og me vil stø opp om næringsliv og lagsliv i heile heradet.
Me meiner at den viktigaste oppgåva i lokalpolitikken, er å leggja best mogleg til rette for at alle skal ha det bra. Systema skal vera til for menneska, ikke omvendt. Her er noko av det me vil jobba for 👇
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/07/Voss-landevei-bilde-fra-Iril-1024x768.jpeg)
1. Trygge og gode vegar slik at du kjem deg trygt fram dit du skal.
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/08/GettyImages-1152836719-1024x654.jpg)
2. Gode omsorgstenester, slik at du veit at du får hjelp den den dagen du treng det.
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/08/GettyImages-1214950612-1024x683.jpg)
3. Gode skular og barnehagar, der alle born kan oppleva venskap, læring og meistring.
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/07/Voss-landbruk-bilde-fra-Iril-1024x498.jpg)
4. Eit solid næringsliv, slik at alle har ein jobb å gå til.
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/07/Voss-jordbaerplukking-bilde-fra-Iril-1024x576.png)
6. Eit variert kulturliv, som kan bidra til glede, samhald og aktivitet.
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/311/2023/07/Iril-på-Voss-768x1024.png)
7. Ta vare på det me har rundt oss.
Voss har kulturhistoriske skattar, det beste drikkevatnet i landet og noko av den flottaste naturen i verda – det forpliktar.