Valprogram
2023-2027

Les meir om kva me går til val på i Voss herad!

Voss Høgre ynskjer at Voss skal verta ein endå betre stad å verta fødd, veksa opp, utdanna seg, bu, etablera verksemd, arbeida og verta gamal.

Me vil føra ein politikk som byggjer på lokalt folkestyre, personleg fridom og sosialt ansvar, og vera opne og lyttande til alle innspel, slik at me saman kan utvikla Voss vidare inn i framtida. Voss Høgre vil stø opp om aktivitetar og tiltak som gjer det enklare og meir attraktivt å busetja seg i bygda. Det at ungdomen vel å busetja seg her, er sjølve grunnlaget for gode tenester, bu-miljø og auka folketal.

Voss Høgre vil arbeida for å gjenreisa prioriteringsdebatten i lokalpolitikken, fremja ansvar, og arbeida langsiktig og heilskapleg. Oppgåvene som ligg framfor oss, gjer at Voss herad lyt nytta inntektene sine godt for å sikra tenester med god kvalitet. I lokalpolitikken må me som politikarar visa ansvar og prioritera det viktigaste først:

  • Gode oppvekstvilkår for born og unge, i eit trygt lokalsamfunn.
  • Kunnskap og kvalitet i skulen.
  • Omsorgstenester med god kvalitet, og valfridom for dei som nyttar desse tenestene.
  • Gode rammevilkår for næringslivet, slik at me tryggjer eksisterande arbeidsplassar og gjer det attraktivt å etablere nye.
  • Betre og tryggare vegar i heradet vårt.

Det skal leggjast til rette for nye bustader, næringsliv og arbeidsplassar i alle delar av heradet. Voss herad skal vera ein god plass å bu og arbeida for alle. 

Les heile valprogrammet vårt her: