7 gode grunnar til å røyste Høgre i Voss herad

Me er best saman

Me i Voss Høgre vil at alle, både unge og eldre, skal ha ein trygg og god kvardag, med mangfald og valmoglegheiter. Høgre står for trygg økonomisk styring – og me vil stø opp om næringsliv og lagsliv i heile heradet.

Me meiner at den viktigaste oppgåva i lokalpolitikken, er å leggja best mogleg til rette for at alle skal ha det bra. Systema skal vera til for menneska, ikke omvendt. Her er noko av det me vil jobba for 👇

1. Trygge og gode vegar slik at du kjem deg trygt fram dit du skal.

2. Gode omsorgstenester, slik at du veit at du får hjelp den den dagen du treng det.

3. Gode skular og barnehagar, der alle born kan oppleva venskap, læring og meistring.

4. Eit solid næringsliv, slik at alle har ein jobb å gå til.

6. Eit variert kulturliv, som kan bidra til glede, samhald og aktivitet.

7. Ta vare på det me har rundt oss.

Voss har kulturhistoriske skattar, det beste drikkevatnet i landet og noko av den flottaste naturen i verda – det forpliktar.