Leie før eie

Gruppeleiar Anita Oterhals Eide presenterte interpellasjon om leie før eie.

Anita Oterhals Eide under interpellasjonen.

Interpellasjonen vart votert over og no gler me oss til fortsettelsen!

Interpellasjon frå Aukra Høyre: Leie før eie

I forventningsbrevet frå statsforvaltaren kan vi, på side nr 9 lese:

«I Møre og Romsdal er det i dag over 400 familiar der barn og unge lever i fattigdom. Kommunane har god oversikt om kven desse er. Regjeringa har allereie auka utlånsramma til Husbanken, med målsetting å hjelpe fleire familiar med dårleg økonomi til å kunne eige sin eigen bustad. Dette krev ein ekstra innsats frå kvar einskild kommune, og er særskilt viktig for å hindre utanforskap. Kommunen må prioritere dette arbeidet, slik at talet på familiar med barn og unge som lever i fattigdom i Møre og Romsdal blir vesentleg mindre i åra framover.»

Dette ser vi på med stort alvor og vi trur at kommunen vår kan og vil vere med å løyse denne utfordringa ved å innføre et «leige før eige» prosjekt. Dette vil styrke våre innbyggarar og lette etablering for unge familiar.

Bakgrunn
Utgangspunktet for leige-før-eige modellen er dei store fordelane det er å eige sin eigen bustad og at bustadeige bør vare tilgjengeleg for fleire! I alle kommunar har ein innbyggarar som har utfordringar med å etablere seg på bustadmarknaden, anten grunna låg inntekt eller manglande eigenkapital. I dag er kravet om eigenkapital på 15% og det kan ikkje lånast meir enn fem gongar brutto årsinntekt. I tillegg ser vi ei stor auke i byggekostnadar som naturlegvis vil påverke eigendomsprisane i framtida.

Kva er leie før eie?
«Leie-før-eie» gir familiar som har potensiale til å eige sin eigen bustad på sikt ein inngong på bustadmarkedet. Familiar som søker og får tildelt bustad leiger bustaden i 3-5 år. Deretter kan bustaden kjøpast til avtalt pris. Ei føresetnad er at familien inngår spareavtale i leigeperioden og at dette beløpet nyttast som eigenkapital i forbindelse med kjøp.

Kommunen eller en Bustadstifting/Burettslag bygger bustaden i år null og inngår deretter eit leigeforhold der leigetakar har opsjon om å kjøpe bustaden etter 5år for summen det kosta å bygge bustaden.

På den måten kan husstanden oppnå nokon av fordelane ved å eige bustad (verdiauke) utan å verte utsett for økonomisk risiko i leigeperioden. Opsjonen om å kjøpe bustaden er frivillig og dersom dei vel å ikkje kjøpe bustaden så avsluttast leigeforholdet.

Leigeprisen består av utgifter bustadbyggaren har til forvaltning, drift og vedlikehald samt renteutgifter på lånet. Sidan renta på lånet er betydeleg lågare enn avkastningskravet for utleigebustadar vil månadleg netto husleige bli lågare enn marknadsleige for tilsvarande bustader. Differansen mellom bu utgifter og marknadsleige dannar eit rom for sparing – dersom husstanden hadde moglegheit til å betale marknadsleige. Sparinga vil inngå som ein del av den månadlege leiga.

Sparingsdelen av husleiga som innbetalast skal settast på ein BSU-Konto eller konto med tilsvarande sikkerheit i leigetakars namn, slik at alle renter går til leigetakar og gir ei transparent oversikt over innbetalt beløp. Dersom leigeforholdet avsluttast så beheld leigetakar kontoen med innbetalt beløp.

Fordelane ved Leige-før-eige

Å inngå ein avtale om å leige før eige gir tryggheit rund buforhaldet og økonomien knytt til dette, fordelane er mange:

  • Husstanden får ein bustad tilpassa sine behov
  • Kjøpsprisen etter tre eller fem år er kjent
  • Husstanden kan spare i leigeperioden for å danne seg eigenkapital.
  • Leigetakar vil ta betre vare på bustaden når det er kjent at dei skal kjøpe den tre til fem år fram i tid.
  • Verdiauke gjennom godt vedlikehald i leigeperioden går til kjøpar.
  • Verdiauke på bustad i leigeperioden er eit bidrag til å auke eigenkapital
  • Rentebetjening av kjøpesum vil gje lågare leige enn gjengs marknadsleige.
  • Husstanden kan velje å takka nei til kjøpsopsjon og opplever ingen risiko.
  • Dersom husstanden ønsker å kjøpe ein annan bustad enn leigebustaden så har dei i leigeperioden spart opp eigenkapital på BSU-Kontoen.

Det skal ikkje tillatast framleige av bustad i leigeperioden.

Oversendingsforslag:
«Aukra kommune utgreier om «Leige før eige» er eit prosjekt som kan settast ut i live i kommunen vår, anten som kommunale bustadar eller i samarbeid med eit burettslag/bustadstifting.»

For Aukra Høyre.

Anita Oterhals Eide