Uttale fra Aukra Formanskap

I morgendagens formannskap vil ordfører Odd Jørgen Nilssen (H) legge frem følgende uttale som vi håper et samlet formannskap vil stille seg bak

Foto: Skjermdump rbnett.no
Foto: Skjermdump fra rbnett.no

Ordføraren si tilråding:
Aukra formannskap ber om at Kommunedirektøren førebur ei sak til Kommunestyret 17.03.22 der det
vert lagt fram kor mange flyktningar Aukra kan ta i mot snarleg, og der også alternativ mottaksplassering
i påvente av vedtak i asylsaka vert teke med i saksutgreiinga.

Bakgrunn
Formannskapet i Aukra er sjokkert over Russlands brutale, militære angrep på Ukraina, og tek avstand
frå Russland sin aggresjon. Angrepet er eit alvorleg brudd på folkeretten og får svært dramatiske
konsekvensar for alle innbyggjarane i Ukraina.
UNHCR rapporterar måndag 28. februar om 500 000 menneske på flukt frå heim og land og dette talet
aukar time for time. Formannskapet er innstilt på å leggja forholda til rette for at flyktningar frå krigen i
Ukraina kan komme til Aukra, og ber kommunedirektøren om å førebu mottak av krigsflyktningar så
snart nasjonale myndigheiter ber om dette.
I Aukra bor det både russarar og ukrainarar, og formannskapet oppfordrer alle innbyggjarar i Aukra til å
være inkluderande, vise solidaritet og medmenneskelegheit i ei svært krevjande tid.
Mange barn – også i Aukra – er no bekymra og redde over krigen i Ukraina. Formannskapet er opptatt av
at vaksne må ta dette på alvor og snakke med barna, og oppfordrar barnehagane og skulane til å vera
ekstra merksame på barna sine reaksjonar på situasjonen.
Formannskapet ber kommunedirektøren gjennomgå kommunens beredskapsrutiner, følgje opp dersom
nasjonale myndigheiter ber om utvida bosetting av flyktningar, og å iverksette nødvendige tiltak for å
sikre at Aukra sine investeringsfond no ikkje har aktive investeringar i russiske interesser.
Formannskapet ber også kommunedirektøren om å ta initiativ til eit møte med frivillige organisasjonar
for å legge til rette for at kommunen og frivilligheita er koordinert og forberedt på å bidra i ein
flyktningsituasjon.

Romsdals Budstikke skrev også om Ordførerens sterke engasjement om krisen i Ukraina i denne saken: https://www.rbnett.no/nyheter/i/k6GvqL/vil-ta-sparepengar-ut-av-russland-opnar-doera-for-flyktningar-fraa-ukraina