Austevoll – vi har moglegheiter!

Vi må sjølv få utnytta ressursane våre, konkurransefortrinna våre, areala våre på sjø og land på ein måte som gagnar oss best, skriv stortingsrepresentant Ove Trellevik.

Austevollingane og vestlendingen har alltid levd tett på og av naturen – i nærleik til havet og sjøen. Menneska og naturressursane har lagt grunnlaget for den unike kompetansen og næringane som har skapt velferda vår.

Visjonen er at Austevoll og Vestlandet skal vere ein del av verdas viktigaste havregion i mange hundre år!

Vi er avhengig av at det bur folk nær naturressursane og produksjonen for at vi skal oppretthalde og vidareutvikle basisnæringane våre. Då må vi lage attraktive lokalsamfunn som unge menneske vil bu i, med god infrastruktur til byar og tettstader.

Austevoll si utvikling vert også definert av globale trendar og nasjonale rammer.

Vi er sterkt prega av olje og gass næringa her. Det medfører at vi vore hardt ramma med mindre etterspurnad og utfasing av fossile energikjelder. Det er ikkje til å stikke under stol at venstresida i norsk politikk vil forsere denne utviklinga.

Det er rett og slett ein risiko for at det blir definert ein slutt-dato om venstresida får makt. Det blir krevjande. Vi står allereie midt i ei omstilling. Da må vi tiltrekke oss, utvikle og behalde den kompetansen vi treng for å lukkast med omstillinga. Vi må vere attraktive for investorar, tilreisande, bedrifter og arbeidstakar. Menneske og bedrifter må få oppleve å ha ei større nytte av å vere her hos oss, enn andre plasser i verda. Her i vest er det private investeringsplaner for mange hundre milliardar dei nærmaste åra. Dei må vi ta godt vare på.

Austevoll og Vestlandet er kombinasjonen av ein sterk Bergen by som har gode utdannings- og forskingsmiljø basert på naturbaserte næringar, og ein nærleik til dei same naturressursane i distrikta.

Vi må løfte blikket og sjå korleis regionen vår kan være ein del av løysninga på nasjonale og globale utfordringar. Å skrote EØS-avtala slik fleirtalet på venstresida vil, vil vere et alvorlig tilbakesteg for regionen. EØS-avtala handlar om kvardagen vår: Felles lover og reglar, fri bevegelse, utdanning, helsehjelp og velferd. Og sist men ikkje minst: Avtala gjev oss tilgang til ein marknad med over 500 millionar innbyggarar.

Med Høgre i regjering er det laga ein handlingsplan for eksport. Planen skal bidra til auka verdiskaping. Vi har gjort det meir gunstig å investere i nye selskap. Vi har fjerna maskinskatten, senka selskapskatten og formuesskatten slik at bedrifter kan investere, omstille seg og skape fleire arbeidsplasser. Vi har forenkla, fornya og forbetra offentlig sektor.

Vi gjennomfører no ein inkluderingsdugnad som gjev fleire ein moglegheit til å kome inn og delta i arbeidslivet. Vi skal nedkjempe utanforskap. Vi vil hjelpe flest mogleg med å gå over frå trygd til arbeid.

Våren 2020 kom sluttrapporten om konsekvensane av fråværsgrensa i vidaregåande skule. Den viste at fråværet i snitt er redusert med 27 prosent etter innføringa. Utdanningsløpa må sikra at relevant kunnskap blir formidla. Dette kan ein oppnå gjennom tettare samhandling og koordinering mellom næringsliv, forsking og utdanningsinstitusjonar. Med Høgre sin politikk vil fleire fullføre vidaregåande skule, fleire vil få læreplass, og fleire bedrifter får dekka sine behov arbeidskraft og kompetanse. Det handlar neppe om gratis SFO og gratis skulemat som er venstresida si nye milliard-satsing i skulen.

For Høgre handlar det om attraktive lokalsamfunn for dei unge, folkehelse, ei omlegging av utdanningssystemet og eit skatte- og avgiftssystem som stimulerer til investeringar, innovasjon og næringsutvikling.

Vi må sjølv få utnytta ressursane våre, konkurransefortrinna våre, areala våre på sjø og land på ein måte som gagnar oss best. Det krev at vi må ta ansvar. Eit ansvar austevollingane og vestlendingen alltid har tatt.

Vi treng Erna ved roret, og Høgre i regjering også etter valet i 2021.

Lesarbrevet stod på trykk i Marsteinen 2. september 2021.