Korleis løyse byggesaksproblema?

At det er tatt grep for å forbetre plan- og byggesaksbehandlinga i kommunen er ei fattig trøyst når mange framleis opplever dårleg og treig saksbehandling.

I Kolbeinshamn gav kommunen dispensasjon for naust, men saka blei klaga på og stoppa av Statsforvaltaren.

Av ordførar Morten Storebø

Streng tolking av lovar og reglar. Nye krav undervegs i saksbehandlinga. Lang saksbehandlingstid. Vanskar med å få svar og rettleiing. Uforståeleg språk. Dårleg samarbeid.

Kommunen får kritikk for byggesaksbehandlinga og mykje av kritikken er rettmessig. Me har openbart forbetringspotensial.

Det er ulike grunnar til dei ulike problema me står overfor. Noko handlar om nasjonale lovar og reglar, noko handlar om kommunens eigne planar, om reguleringsplanar, regionale planar, og noko handlar om sjølve den kommunale saksbehandlinga.

Austevoll Høgre har heile tida tatt utfordringane på alvor. I løpet av dei to siste valperiodane er det sett i verk fleire tiltak, blant anna:

  • Heva terskelen for plankrav for mindre byggetiltak for å redusere behovet for dispensasjonar.
  • At eldre reguleringsplanar enkelt har fått fastsett byggegrense mot sjø for å unngå dispensasjonar.
  • Forbetra saksbehandling av private reguleringsplanar.
  • Auka talet på saksbehandlarar for å sørge for lågare saksbehandlingstid.
  • Tatt opp kampen mot regionale og nasjonale styresmakter når dei lagar planar som hemmar samfunnsutviklinga hos oss.
  • Kjempa for private planforslag overfor Statsforvaltaren og fylkeskommunen.
  • Gjennomført forvaltingsrevisjon for å finne ut kva som er bra og kva som dårleg med den kommunale byggesaksbehandlinga, og kva tiltak som skal setjast i verk.

Det som allereie er gjort er viktige grep. Likevel er det ei fattig trøyst for dei som opplever at ting ikkje fungerer som forventa. Me er altså openbart ikkje i mål.

At ting ikkje fungerer som det skal har store konsekvensar. Blant anna råkar det barnefamilien som skal byggje seg ein heim, bedrifta som veks og treng større plass, og samfunnsutviklaren som lagar byggefelt.

Det forseinkar eller hindrar viktig og nødvendig utbygging. Det aukar kostnadene ved byggearbeidet.

Dessutan utfordrar det kommunens tillit og omdøme i befolkninga og det påverkar arbeidstilhøva til dei som jobbar i kommunen.

Heldigvis er det viktige lyspunkt. Det er høg aktivitet i kommunen og mange saker til behandling. I fjor blei det gitt 25 igangsetjingsløyve, 176 mellombelse bruksløyve og ferdigattestar, og 120 dispensasjonar. 8 reguleringsplanar blei godkjent og 12 blei sendt på høyring. Dette er ein god statistikk for ein kommune med 5.300 innbyggjarar.

Det er også slik at det brei politisk semje i dei fleste saker. I valkampen er det heilt naturleg å synleggjere skilnader mellom partia. I det politiske arbeidet som skjer i løpet av fireårsperioden er det likevel stor grad av semje og konsensus. Administrasjonen fattar også gode vedtak på fullmakt frå kommunestyret, skriv grundige saksutgreiingar og legg til rette for arbeidet som lokalpolitikarane skal gjere.

Me har likevel utfordringar og like viktig som å skildre problema, er det å kome med forslag til løysingar.

I valkampen er ein gjerne spissformulert og problemorientert. I dag-til-dag-politikken er det ofte motsett. Då handlar det om å vere grundig og godt førebudd, sakleg, samarbeidsvillig og løysingsorientert.

Sidan dei fleste parti er einige i problema så kjem eg derfor med ti forslag til løysingar:

  1. Fortløpande kartlegge og skrive ned utfordringar i saksbehandlinga og ta på alvor tilbakemeldingar frå tiltakshavarar og byggebransje. Dette vil gi ei god oversikt over konkrete problem slik at ein er i stand til å gjennomføre nødvendige tiltak som løyser problema.
  2. Strukturere byggesaksbehandlinga betre. Blant anna med standardiseringar og sjekklister slik at vilkår og krav er kjent heilt frå starten av. Då har tiltakshavar all informasjon frå byrjinga i planlegginga si, det gjer prosessen føreseieleg og hindrar at det dukkar opp nye krav utover i saksbehandlinga.
  3. Ha eit utval faste tider i løpet av ei veke kor folk kan stikke innom kommunehuset, treffe ein saksbehandlar og få svar på ting dei lurar på. Dette er nyttig for dei som vurderer om dei skal gå i gang med eit byggetiltak.
  4. Styrke mottakskontrollen, altså kommunens første gjennomgang av søknader som kjem inn. Dette vil gjere at tiltakshavar kjapt får svar på den vidare prosessen, og tilbakemelding om det til dømes manglar informasjon som er nødvendig for å behandle saka.
  5. Etablere faste møte fleire gonger i året med alle lokale aktørar i byggebransjen, til dømes ansvarlege søkjarar, tømrarar, røyrleggjarar, elektrikarar, konsulentar og arkitektar. Dette vil sørgje for at kommunen får vite kvar skoen trykk, kva utfordringar utbyggjarar møter og kan få forslag til tiltak og løysingar.
  6. Halde fram arbeidet med å forbetre språket i brev og meldingar slik at det er forståeleg for vanlege folk.
  7. Ha fleire, brukarvenlege løysingar for sjølvbetening på nett, og moglegheit for å følgje søknadsprosessen digitalt. Ha timebestilling på nett (og telefon) kor du kan velje møtetidspunkt som passar for deg.
  8. Ikkje vedta rekkefølgjekrav i reguleringsplanar og overordna planar som er uforholdsmessige og urimelege omfattande og kostbare. Det må vere ein samanheng mellom kva det enkelte byggetiltaket utløyser av behov for forbetring, og eventuelle krav som blir stilt. Det skal ikkje vere slik at eit kvart dårleg fylkesvegkryss skal fiksast av ein stakkar utbyggar.
  9. Gjennomføre avgrensa, tematiske endringar i offentlege planar for å løyse utfordringar som oppstår etter at planen er vedtatt. Når til dømes utilsikta rekkefølgjekrav i områdeplanen for Storebø er eit hovudproblem så er det ikkje nødvendig å vente 20 år på den fullstendige revideringa, men ein kan gjere endringar etter ein enklast mogleg prosess.
  10. Bli flinkare til å informere om kva kommune held på med, kvar ein kan finne informasjon og sørgje for at det er mogleg å søke etter saksdokument.

Det er heilt på sin plass å spørje kvifor dette ikkje er ting som er gjort allereie.

Svaret er samansett:

Me faktisk har gjort ein del. Noko kan kvitterast ut og noko er me enno ikkje heilt i mål med.

Og så har andre utfordringar blitt stadig synlegare undervegs i perioden.

Av og til har eg følt at når eitt problem er løyst, så dukkar det opp eit nytt.

Me var til dømes veldig opptatt av kommunens behandling av plansaker i førre periode, og når dette i stor grad fall på plass blei merksemda flytta til byggesaker.

Eg har privilegiet å vere ordførar og leiar av plan- og byggesaksutvalet i åtte år.

Det som tyngar meg mest er sakene der ting ikkje har gått vegen for tiltakshavar. Det har vore tungt å snakke med folk som har tverrpolitisk støtte i kommunen, men som opplever at staten sitt endeleg svar er nei.

Samstundes er det saker kor innsatsen min har vore viktig. I dei fleste av desse sakene er dessutan jobben eg har gjort eit resultat av framifrå støtte frå fagfolka i administrasjonen.

Me har vunne gjennom med viktige utbyggingar der Statsforvaltaren sa nei. I ein bråte med møte med øvrigheita kor til slutt motsegn er trekte slik at planar har kunne godkjennast.

Eg har brukt tallause timar på å grunngi vedtak i dispensasjonssaker, slik at vedtaket til kommunen ikkje blir klaga på og effektivt stoppa. Eg har snakka med folk som er for og folk som er imot i ei og same sak. Eg har diskutert med statsminister og statsrådar for å stoppe ein statleg verneplan, med fylkesordførar og fylkespolitikarar for å stoppe ein regional verneplan. Snakka med innbyggjarar og lokale bedrifter og nabokommunar som er i same båt.

Så for å oppsummere:

  • Me har gjort ganske mykje, men det er enno mykje som gjenstår.
  • Kommunen må spele på lag, vere forståingsfull og samarbeidsvillig overfor dei som ønskjer å ting til. Kommunen må ta tilbakemeldingar på alvor og alltid vere på jakt etter å forbetre seg.
  • I tillegg til å forstå kva som er problema og å skildre dei, er oppgåva til ein politikar å foreslå løysingar og å gjennomføre. Høgre har ei god liste med tiltak i programmet sitt og me har vist at me likar å få ting gjort.
  • Samarbeid er viktig internt i kommunen fordi det jo er likegyldig for ein innbyggjar kven i kommunen som vedtar kva. Politikarane skal sørgje for at vedtak, forventingar og planar blir følgde av administrasjonen, og samstundes skjøne at mykje av rammevilkåra for jobben som administrasjonen gjer, faktisk er politikaranes ansvar. Politikarane skal også sørgje for gode arbeidstihøve og eit godt arbeidsmijø for dei tilsette.