Rutetilbodet må halde følgje med utviklinga

Det er eit samfunnsproblem at rutetilbodet med ferje og båt ikkje blir betre sjølv om det er stadig fleire reisande.

Lesarbrevet stod på trykk i Marsteinen 29. juni.

Av ordførarkandidat Bente Kari Sletten Taranger
og fylkesordførarkandidat Silja Ekeland Bjørkly

Det er eit stort problem at rutetilbodet til Austevoll både med ferje og snøggbåt for det meste er uendra på fleire tiår.

Samstundes har kommunen auka i folketal, talet på arbeidsplassar, bedrifter og turistar. Denne veksten har gjort at transportbehovet har auka betydeleg. Rutetilbodet har derimot ikkje heldt følgje.

For Austevoll, ein kommune heilt utan andre omkøyringsmoglegheiter, er dette ganske alvorleg.

Ferje og snøggbåt er eit fylkeskommunalt ansvar. Derfor er det viktig å minne om at valet i september også er eit val til nytt fylkesting.

Ambisjonen til Høgre er å vinne også fylkestingsvalet. Éin god grunn til at me treng eit maktskifte i fylkeshuset er at dagens styringsallianse av mellom anna Sp, MDG og Ap rett og slett slit med å få gjort noko med problema. Det er mykje snakk, men altfor lite konkret handling.

Valkampar kan ofte bli ein konkurranse om å servere det dyraste valflesket.

For at veljarane skal ha tillit til oss politikarar er det derfor nyttig å sjå på kva ein har jobba med i perioden som har gått. I Høgre veit me veldig godt at tillit er noko ein må bygge over tid. For oss er det viktig at løfta me kjem med er realistiske slik at dei kan realiserast.

Både lokalt i Austevoll og i fylkestinget har Høgre jobba for å betre rutetilbodet i Austevoll.

Dette skjedde seinast då samferdselsutvalet hadde møte i slutten av mai, der Vestland Høgre saman med andre parti fekk fleirtal for forslaget om å utgreie nattferje på Hufthamar-Krokeide. Dette er ei sak blant andre ordførar Morten Storebø i ei årrekke har tatt opp med fylkeskommunen, og ei sak som Høgre har fremma i fylkestinget og finansiert i våre alternative budsjett i perioden.

I fylkesvalprogrammet til Høgre poengterer me at rutefrekvens og kapasitet må henge saman med trafikkgrunnlaget og næringslivets behov.

Dette er ein tiltak som Austevoll Høgre jobbar for.

I praksis betyr dette at når fylkeskommunen skal prioritere mellom tilbod og samband, så skal talet på køyretøy og passasjerar, og næringslivets transportbehov vege, langt tyngre enn det gjer i dag.

Dette vil Austevoll tene på.

I tillegg til å halde fram arbeidet med å modernisere og få på plass meir miljøvenleg fartøy, skal behova i samfunnet gjenspeglast i ruteproduksjonen, kapasitet og driftstryggleik.

Billettprisane på båt skal harmoniserast mellom alle dei fylkeskommunale båtsambanda og prisen skal fastsetjast etter objektive kriterie.

Dette vil reisande til og frå Austevoll tene på.

For å nå måla om betre rutetilbod, og altså ha evne til å gjennomføre dette, er det to tiltak som må gjerast:

  1. Det må brukast meir pengar enn i dag på ferje- og båtdrift. Dette er Høgre villig til å gjere.
  2. I tillegg må det skje ei omprioritering mellom samband. Dette er nødvendig fordi transportbehovet har endra seg betydeleg utan av rutetabellane har følgd med. Ved å fastsetje objektive vilkår, kor omkøyringsmoglegheiter er eitt, vil fylkeskommunen på ein fornuftig og føreseieleg måte forvalte ansvaret sitt for fylkesferjer og fylkesbåtar.

Austevoll har fylkeskommunens største ferjesamband og blir trafikkert av fylkeskommunens nest største snøggbåtrute.

Høgres politikk er konkret og realistisk og vil sørge for at kommunikasjon til og frå Austevoll vil bli betre. Det skal rett og slett bli enklare å bu og drive bedrift i Austevoll.