Trygg og god eldreomsorg i dag og i framtida

Det er og skal vere godt å bli gamal i Austevoll. Det skal vere trygt å vite at du sjølv, eller den er du er glad i, blir tatt godt vare på når det oppstår behov for pleie og omsorg.

Ordførarkandidat Bente Kari Sletten Taranger og 9.-kandidat Arild Sivertsen. (Foto: Natalie Mariell Elholm)

Av Bente Kari Sletten Taranger, ordførarkandidat, og Arild Sivertsen, 9.-kandidat

I Austevoll har me ei god eldreomsorg, og Austevoll har blitt eit godt døme for andre kommunar når det gjeld smart nytenking og gode pleie- og omsorgstenester.

Den aller viktigaste grunnen til at det går så bra er at me har dyktige tilsette. Det er dei som er på jobb til alle døgnets tider, som gir omsorg og tryggleik for pleietrengande.

Engasjerte leiarar som organiserer drifta og legg planar framover er også ein viktig del av oppskrifta, og dessutan folkevalde som ser det store bilete, er ambisiøse og fattar gode vedtak.

Vellukka satsing på eldreomsorga

Dei siste åra har det blitt gjennomført viktige endringar i helse- og omsorgstenestene, blant anna med ei stor satsing på heildøgnsbemanna omsorgsbustader.

Målsettinga er å gje brukarar og pasientar gode tenester og samstundes sørge for at kommunen er førebudd på utfordringane me står overfor i tiåra som kjem. Erfaringane våre er gode og vekkjer oppsikt utanfor Austevoll.

Ei viktig målsetting for Austevoll Høgre er at dei kommunale tenestene skal bidra til enklare og meir bekymringsfrie kvardagsliv for innbyggjarane våre. Ikkje minst gjeld dette for personar som treng pleie og omsorg, og for deira pårørande.

At det er godt å jobbe i kommunen er også ein klar føresetnad for å nå målsettinga vår.

Brukarar, tilsette, pårørande og leiarar skal involverast

Når Austevoll Høgre stakar ut kursen for neste fireårsperiode legg me derfor stor vekt på samspelet mellom brukarar og pårørande, tilsette og leiarar i pleie- og omsorgssektoren, og dei folkevalde.

Austevoll er ikkje større enn at det er fullt mogleg å involvere brukarar og tilsette i utforminga av framtidas politikk for eldre- og omsorgstenestene. Ei brei medverknad og forankring vil også gjere det lettare å nå målsettingane me set oss.

Austevoll Høgre vil satse vidare på bygging av nye omsorgsbustader. Soltun som nyleg blei opna ligg i tilknyting til pleie- og omsorgssenteret. Tilbakemeldingane her er svært gode frå både brukarar, tilsette og pårørande. Her er det heildøgns bemanning og Høgre har fått innspel på at dette også bør innførast på Birgittunet. Det synst me er ein god idé.

Me ønskjer også å sjå på moglegheitene for å utvide Birgittunet. I tillegg har kommunen gode omsorgsbustader i Bekkjarvik og på Storebø brygge.

Høgre ønskjer også å gjeninnføre faste brukarundersøkingar. Å få tilbakemelding om korleis brukarar og pårørande opplever tenestene har stor betydning. Det same gjeld innspel frå tilsette og tillitsvalde. Alt dette gir kunnskap som betyr at folkevalde er betre i stand til å gjere sin jobb, nemleg å drive overordna styring og innføre nødvendige og målretta tiltaka. Dette vil både brukarar, pårørande og tilsette dra nytte av.

Gode løns- og arbeidsvilkår er viktig for å behalde dei som jobbar i sektoren i dag og for å rekruttere nye. Eit nødvendig bidrag er å framsnakke pleie- og omsorgsyrka, betydninga desse har for samfunn og kor meiningsfylte jobbane er.

Plan for å behalde og rekruttere

Høgre meiner kommunen treng ein skikkeleg plan for å behalde og rekruttere. Her må løn, arbeidstid, organisering av arbeidet, kompetansebehov og andre viktige forhold på bordet og diskuterast.

Dette gjeld i og for seg ikkje berre for helse- og omsorgssektoren, men også for alle andre tenesteområde.

Ein kommune er eit lagspel. I åra me har styrt har Høgre vist at me er interesserte i innspel, ikkje for syns skuld, men fordi me veit at det gjer politikken betre. Det har me vist innan eldresomsorga kor samarbeid, openheit og medverknad har betydd mykje.

Dette skal me halde fram med i perioden som kjem.