Austevollpakken vedtatt i kommunestyret

— Ein gledens dag, kalla Joon Raymond Haugland det då kommunestyret behandla Austevollpakken. No går saka vidare til behandling i fylkeskommunen.

Ny bru i Torangsvåg med tilførselsvegar er blant prosjekta som blir prioritert på topp av kommunestyret.

— Dette er ein gledens dag, sjølv om eg kjem til å vente med å sprette champagnen til endeleg vedtak er gjort i fylket, sa Joon Raymond Haugland då saka blei debattert i går.

Her kan du sjå debatten frå kommunestyret.

Kommunestyret vedtok kva vegprosjekt som skal prioriterast og forslag til korleis Austevollpakken kan finansierast.

Tre prosjekt skal dele førsteprioritet og vere prosjekt som skal og må byggast. Desse prosjekta har stort behov for utbetring og fordeler seg på dei tre største øyene i Austevoll.

1. prioritet:

  • Storebøvegen, fv 546 frå Vestbøbrekka til Eidsbøen
  • Drivenes/Fagerbakke, fv 546 og 5138 frå Selbjørn bru til Fagerbakke
  • Brua i Torangsvåg, fv 5142 frå Taranger til Austevoll

Dei neste prosjekta på lista er:

  • 2. prioritet: Fv 546 Bjelland
  • 3. prioritet: Fv 546 Kollektivterminal Storebøportalen
  • 4. prioritet: Fv 5144 Eido
  • 5. prioritet: Samlepott for punktvise utbetringar

Forslaget frå Austevoll kommune til fylkeskommunen er ei ramme på mellom 170 og 200 millionar kroner.

Finansieringsopplegget som blir foreslått er 70 millionar kroner både frå Vestland fylkeskommune og Austevoll kommune. Dette gir 140 millionar kroner.

Kommunestyret meiner også at 20 millionar kroner som er overskotet frå bompengeinnkrevjinga til Austevollsbrua må inn i Austevollpakken, i tillegg til dei 10 millionar kronene som staten har løyvd til utbetring av vegen over Bjelland.

Austevoll kommunestyre vil dessutan auke løyvinga med inntil 15 millionar kroner om det kjem tilsvarande beløp frå ulike tilskotsordningar som kommunen og fylkeskommune søker om pengar frå. Austevollpakken kan då få ei samla ramme på 200 millionar kroner.

— 200 millionar til utbetring av veg blir det største løftet av veg som blir gjort utanom brubygginga sidan vegane var nye. Og det heile skjer utan at det blir tatt inn bompenger takka vere innbetalingane til havbruksfondet frå havbruksnæringa, det er ganske fantastisk, sa Joon Raymond Haugland.

Etter ein lengre debatt var det to forslag kommunestyret skulle ta stilling til.

Desse forslaga blei først behandla som ei prøvevotering, og ved vanleg avstemming blei formannskapet si tilråding vedtatt. Vedtaket innehald også to punkt frå mindretalet sitt forslag.

Dette er kommunestyrets vedtak:

  1. Austevoll kommunestyre forpliktar seg å bidra med 70 millionar kr til dekning av utbetring av fylkesvegprosjekt i Austevoll kommune. Tildeling i budsjett og økonomiplan skjer i desember 2021 for perioden 2022-2024.
  2. Det er ein føresetnad for punkt 1 at Vestland fylkeskommune forpliktar seg til å bidra med 70 millionar kr i same periode med budsjettvedtak desember 2021.
  3. Partane legg til grunn at overskot frå bompengeprosjekt Austevollsbrua (20 millionar kr) og statleg tilskot til sjømatvegar (10 millionar kr), kjem i tillegg til løyvingar i punkt 1 og 2.
  4. Austevoll kommunestyre vil auke løyvinga med inntil 15 millionar kr om det kjem tilsvarande beløp frå ulike tilskotsordningar som partane søker om støtte frå. Austevollpakken kan då få ei samla ramme på 200 millionar kr.
  5. Austevoll kommune legg fram slik prioritering for gjennomføring av prosjekta:
    1. prioritet:
    • Storebøvegen – fv. 546
    • Bekkjarvik – fv. 546 og 5138
    • Torangsvåg – fv. 5142
    2. prioritet: Bjelland
    3. prioritet: Kollektivterminal
    4. prioritet: Eido
    5. prioritet: Samlepott for punktvise utbetringar
  6. Austevoll kommune vil ta ansvar for koordineringsarbeid knytt til planarbeid som er naudsynt for å gjennomføre prosjekta.
  7. Austevoll kommunestyre gir fullmakt til Austevoll formannskap å prioritere punktvise utbetringar i Austevollpakken.
  8. Austevoll kommunestyre vedtar å spele dette inn til regional transportplan (RTP).
  9. Austevoll kommunestyre vedtar at ei gruppe frå Austevoll (éin representant frå kvart parti) får fullmakt å føre dialog med fylkeskommunen med sikte på å lande ei avtale herunder ansvarsdeling.